Øyfjell skule

Øyfjell skule er ein barneskule frå 1. - 7. trinn, som ligg i nedre del av bygda Øyfjell. Øyfjell skule har 42 elevar. Ungdomstrinnet går på Rauland skule. Barnehage og skule er organisert som ei eining – Øyfjell oppvekstsenter, med bygga i gåavstand frå kvarandre.

Øyfjell skule er ein mobilfri skule, der me har fokus på inkluderande skulemiljø. Skulen ligg i eit naturskjønt område, og me er aktive brukarar av det flotte og varierte uteområdet. Skulen har fleire friluftslivsturar i løpet av skuleåret, og me har i tillegg faste samarbeidsopplegg med barnehagen.

Kvart år arrangerer skulen «Bygdekveld». Dette er eit teaterstykke eller revy, skriven av lærarane, som innheld mykje teater, song og musikk. Alle elevane i skulen deltek, og den årlege Bygdekvelden er eit høgdepunkt for heile bygda.

Skulen arrangerer leirskule i Kragerø for 7.klasse.

Elevane får servert gratis skulemat og frukt kvar dag på skulen.

Les meir om Vinjeskulen her

Øyfjell skule er fådelt, dvs at 1.-2. trinn går saman, og 3.-4. trinn går saman, med unnatak av fleire delingstimar i basisfaga. 1.-2. trinn går på skulen 4 dagar, med fri kvar torsdag. 3.-4. trinn går på skulen 5 dagar i veka, men skuledagen kvar torsdag er slutt kl.10.50.

SFO er for 1.-4.trinn.

Mellomtrinnet har ein del undervisningstimar saman i fellesfaga, medan dei er delt i dei fleste timane i basisfaga. Elevane i 5.-7.trinn går på skulen 5 dagar i veka, men skuledagen kvar torsdag er slutt kl.10.50, med unnatak av 4 torsdagar der dei har fulle dagar med fokus på naturfag / uteskule. 5.klassingane er fadrar for nye fyrsteklassingar, og alle elevane på mellomtrinnet skriv «jobbsøknad» med arbeidspraksis nokre timar i barnehagen på vårparten. Skulen har fokus på inkluderande skulemiljø, fysisk aktivitet og positive aktivitetar på tvers av trinna.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?