Rauland skule

Rauland skule finn du midt i sentrum av Rauland. Her er det god plass og vakker natur. Rauland har 170 elevar frå 1.-10.trinn.

Rauland skule er ein mobilfri skule der me har fokus på inkluderande skulemiljø. Skulen er med i programmet Aktiv 365 der elevar får opplæring i å vera aktivitetsleiarar i friminutta, og me har eigne bibliotekassistentar som syter for opent skulebibliotek  ein dag i veka. Me har fokus på lesing i alle fag, og arrangerer kvart år eit 2 vekers leseprosjekt kor me lyfter dette ekstra fram. Skulen har symjehall og stor idrettshall. Kvart år har alle trinn ein hausttur og ein vintertur der me nyttar dei vakre uteområda me har på fjellet.

Skulen arrangerar leirskule i Kragerø, vinterleirskule på Songa og Polentur.

Elevane får servert gratis skulemat kvar dag på skulen.

Les meir om Vinjeskulen her

1.-4. trinn held til i same bygning som barnehagen, med eit stort og rikhaldig uteområde tett på naturen. 1.- 2. trinn går på skulen 4 dagar i veka med fri torsdagar. 3.- 4. trinn går på skulen 5 dagar i veka partalsveker, og har fri torsdagane i oddetalsveker.

SFO er for 1.-4. trinn.

5.-7. trinn held til på storskulen, i same bygning som ungdomsskulen og administrasjonen. Elevane har fri torsdagar i oddetalsveker. (7. klasse er på skulen 6 oddetalstorsdagar , der dei har naturfagsdag).  Mellomtrinnet har uteskule som satsingsområde der me legg vekt på inkluderande skulemiljø. Elevane i 7. klasse er på leirskule i Kragerø kvart år veke 22.

8.-10. trinn held til på storskulen i same bygning som mellomtrinnet og administrasjonen. Ungdomsskulen har elevar frå Rauland og Øyfjell skule. 
Elevane går på skulen kvar dag, men med kortare friminutt enn mellomtrinnet. 
8. klasse reiser på vinterleirskule kvart år, og 10. klasse reiser på skuletur til Polen tidleg på hausten, der ein sjølvsagt del av dette er inkluderande skulemiljø.

Barn leiker ute ves Rauland skule. Foto: Luke Tennant

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?