Vinje skulegard

Stiftinga Vinje Skulegard – ein del av Vinjeskulen og det ordinære opplæringstilbodet

Du har kanskje høyrd om skulegarden på Rauland prestegard? Vinje kommune har fått sjansen til å bygge opp og bruke ein kjempefin plass for å lage ein meir praktisk skuledag for elevane våre.

Vinje Skulegard ligg på Rauland prestegard, om lag 5 km frå Rauland sentrum. Stiftinga Vinje Skulegard har som føremål å bidra til å førebyggje fråfall i skulen ved å fremje auka inkludering og deltaking i samfunnet. Tilbodet skal inngå som ein del av det ordinære opplæringstilbodet i Vinje kommune.

Ein gard gjev elevar sjansen til ein stad å få oppleve anna undervisning, med ei meir praktisk tilnærming til fag. Samstundes blir ein kjent med nye elevar på tvers av skulane, og det ligg til rette for mykje artig og praktisk undervisning.

Me reknar med at alle elevar i Vinjeskulen skal få koma på besøk på skulegarden nokre dagar kvart år. Kanskje kan ei klasse få ansvar for egg og kyllingar, medan andre klasser får ansvar for grønsaker, bær, fiske og vedkløyving. Matlaging og gode fellesopplevingar blir ein viktig del av skulegarddagen.

Om lag 12 elevar frå dei fire skulane i Vinje skal få ein fast skuledag på Vinje skulegard. Kvar onsdag frå haustferien i skuleåret 2025/2026, skal desse elevane få skyss til og frå Vinje skulegard og vera med på ulike aktivitetsgrupper. Det blir annleis skuledagar med mykje praktisk og artig undervisning, i små grupper og alle samla på slutten av dagen. Felles måltid med god mat blir viktig.

Vinje Skulegard blei oppretta som ei eiga stifting hausten 2024. Vinje oppvekst har som øvste føremål å sikre livsmeistring for alle, og Vinje skulegard skal vera eit tilbod til alle skulane i Vinje kommune. Dette skal vera ein del av normalskuletibodet i Vinjeskulen. Det vil vera eit tett samarbeid med Vinje kommune/oppvekstsektoren og skulegarden.

Det skal vera stas å få koma til Vinje skulegard på Rauland. Stiftinga skal ta vare på Rauland prestegard som kulturarv, gjennom å bruke han til samfunnsnyttige aktivitetar. Det er ei målsetting å gjera prestegarden viktig for lokalsamfunnet på ulike vis.

Vinje skulegard skal ha god bemanning, som kan syte for at eit utval elevar frå alle skulane i Vinje skal kunne få eit heilskapleg, praktisk tilbod éin dag i veka gjennom heile skuleåret. Her skal alle bli sett og oppleve seg akseptert og verdsett.

Det er tilsett eit drivarpar, Mirjam og Ruben Kleppan, som no bur på garden og skal fungere som vertskap. Vertskapet skal arbeide tett saman med 4 gruppeleiarar frå Vinje oppvekst. Gruppeleiarane er dei pedagogiske ressursane som er tilsett gjennom Vinje oppvekst, og dei har ulik kompetanse, erfaring og eigenskapar som me treng. Saman med vertskapet på garden skal gruppeleiarane stå for planlegging, gjennomføring og evaluering av skulegardstilbodet.

Allstad AS (tidlegare Opplysningsvesenets Fond) eig mange av prestegardane rundt om i landet. Nokon er selde.

Allstad AS ynskjer at fleire av gardane dei framleis har, skal bli brukt til samfunnsnyttige føremål, slik som skulegard. Dei har difor vore positive heile vegen under opprettinga av Vinje skulegard, og har bistått med istandsetting av bygga.

I tillegg har Abildsø Skolegård vore ein sterk og positiv bidragsytar, med si lange erfaring frå drift av skulegard like utanfor Oslo. Dei har vore ei hjelpande hand heile vegen, og bidratt til realisering av Vinje skulegard.

Sparebankstiftelsen Sparebanken SØR har bidrege med eit betydeleg beløp i tilskot, slik at tilrettelegging, oppstart og drift i starten kan bli realisert.

Tilfeldigheiter, vilje og engasjement har ført til at satsinga no er i ferd med å bli ein del av Vinjeskulen, med oppstart hausten 2025.

Hels på vertskapet på Vinje skulegard i filmsnutten under. Filmen er laga av Allstad.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?