Kommunedelplanar

Trykk på området nedanfor og kom rett inn til planen på arealplanar.no:
- Kommunedelplan Åmot
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kommunedelplan Rauland
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kommunedelplan Rukkemo - Torvetjønn(Rauland)
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kommunedelplan Edland/Haukeli
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Kommunedelplan Vågslid
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Andre kommunedelplanar finn du i lista under:
Kommunedelplan for trafikksikring 2022-2025
KDP for trafikksikring 2022-2025 vart vedteke i kommunestyret 17.03.22 i sak 19/22.
Planen har tatt utgangspunkt i malen for trafikksikringsplan frå Trygg Trafikk og er utarbeida i samarbeid med plan, næring og teknisk drift og infrastruktur. Formålet med planen er å gje ei heilskapleg oversikt over trafikktryggleiken i Vinje, prioritere tiltak og leggje til rette for haldningsskapande arbeid. Tiltaka i planen skal i sum skal bidra til reduksjon av ulykker med skadde på vegane i kommunen. Tiltak skal inkludera både fysiske og ikkje-fysiske tiltak og vera eit grunnlag for prioritering av ts-midlar innanfor dei rammer som vert tilgjengelege.
Trafikktryggleik handlar om å kunne bevege seg trygt i sitt lokale miljø, anten ein er fotgjengar, syklist eller bilist – born, ungdom eller vaksen.
Målet med TS-planen er
- Ingen drepte eller hardt skadde trafikantar.
- Trygg skuleveg.
- Trygt for mjuke trafikantar.
- Arbeide for gode kollektivløysingar i regionen.
- Alle skal føle seg trygge i trafikken og innbyggjarane skal føle at det er trygt å ferdast i trafikken i kvardagen, mellom bustad, servicesenter og verksemder.
- Kontinuerlig vurdere og sette i verk nødvendige tiltak med fokus på kva som kan gjerast av trafikksikringstiltak lokalt.
- Målretta førebyggjande tiltak på lokaliserte ulykkepunkt der dei alvorlege ulykkene skjer.
- Ha ein trygg og robust klimatilpassa kommune.
Ved hjelp av ein rekkje tiltak og haldningsskapande arbeid skal me nå denne målsetjinga. Ved godt tilrettelagte gang- og sykkelveger, god informasjon, god skilting, gode trygge veger og ikkje minst eit godt tverrsektorielt arbeid er målsetjinga i stor grad oppnåeleg.
Dokument
KDP trafikksikring 2022-2025 Pdf, 649 kB, åpnes i nytt vindu.
Handlingsplan Pdf, 393 kB, åpnes i nytt vindu.
Samla saksframstilling med vedtak Pdf, 538 kB, åpnes i nytt vindu.
Trafikkplan Vinjeskulen Pdf, 456 kB, åpnes i nytt vindu.
Rettleiar trafikksikker kommune Pdf, 8 MB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert