Varsel om oppstart av rullering av Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter

I tråd med vedtak i plan og miljøutvalet 22.01.2025 varslar Vinje kommune oppstart av arbeid med rullering av Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter.

Endringane går mellom anna ut på enklare tilkomst til løypenettet. I dag må alle som bur langs traseen i teorien ta skuteren på hengar og transportere den til ein stad dei kan koma inn i løypenettet med skuteren. Det er ynskjeleg å sjå om det er anledning til å opne opp for at fleire kan ta seg til løypenettet utan å nytte bil.

Det har kome innspel om nye trasear som bør vurderast.

Det er gjennom fleire år ytra ynskje om eit «friområde» for skuterkøyring.

Det er òg ynskjeleg å sjå på høve til å nytte mellom anna kommunale bilvegar i kortare strekk med skuter.

Løypene skal binde saman grendene, og det skal ikkje etablerast nye skuterløyper over tregrensa.

Frist for innspel

Det er høve til å koma med innspel til endringar og nye trasear. Har du innspel til arbeidet kan du sende dei til postmottak@vinje.kommune.no eller per post til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje, innan 01.04.25.

Kontaktperson

Rådgjevar plan, Turid Opsund

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?