Rv.9 Kvervesjå- Vadmark, Vinje kommune

Statens vegvesen skal i samråd med Vinje kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for vegstrekninga mellom Kvervesjå-Vadmark, riksveg 9 i Vinje kommune. Me ber med dette om innspel til arbeidet.

Skildring av prosjektet

Planområdet er vist i vedlagte kartskisse. Planarbeidet tar utgangspunkt i å utbetre eksisterande veglinje. Stadvis blir det mindre justeringar, og ved Kvervesjå må vegen leggast ut i vatnet på ei strekning på ca 120m. Den gamle vegsløyfa og brua skal fjernast. Planområdet omfattar ei vegstrekning på omlag 2,4 km. Planområdet har eit areal på omlag 140 da. Av dette er om lag halvparten eksisterande statleg veggrunn. Resterande areal omfattar eigendommen gnr 92 bnr 1.

Målet med prosjektet er å legge til rette for ein trafikksikker køyreveg, med geometri som fylgjer krav til denne type veganlegg. Det blir lagt til grunn ei vegbreidde på 7,5m.

Gjeldande planstatus

Rv.9 er vist med samferdselsline hovudveg i kommuneplan for Vinje 2011-2023. Arealet langs vegen er avsett til LNR-formål, og omsynssone for villrein. Området er ikkje regulert.

Konsekvensutgreiing

Det er gjennomført oppstartsmøte med Vinje kommune 06.02.25, og det er konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing iht. plan – og bygningslova § 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiing. Etter ei samla vurdering av relevante tema er det konkludert med at tiltaket ikkje vil gje vesentleg verknad for miljø eller samfunn.

Framdrift og frist for innspel

Merknadar til planarbeidet sender du skriftleg til Statens vegvesen innan 14.03.25 på brev til:

Når merknadsfristen er ute, vil Statens vegvesen gå gjennom merknadar og innspel. Merknadar og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta. Vegvesenet vil utarbeide eit planforslag fram mot sommaren 2025. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknadar og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming. Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av hausten 2025.

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3.

Ta gjerne kontakt

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Pål Helge Paulsenpå telefon 90 22 70 38 eller e-post paal.paulsen@vegvesen.no .

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?