Planarbeid av kommunedelplan Naturmangfald og høyring av framlegg til planprogram
Vinje kommune varslar med dette om oppstart av planarbeid av kommunedelplan Naturmangfald og høyring av framlegg til planprogram etter vedtak i plan- og miljøutvalet 24.09.25, sak 104/25.
Vinje kommune er ein av mange kommunar i Noreg som har fått stønad frå Miljødirektoratet si natursats-ordning for utarbeiding av kommunedelplan for naturmangfald i kommunane. Ein kommunedelplan for naturmangfald skal vere med på å sette natur på den lokalpolitiske dagsorden i Vinje. Planen skal vere eit strategisk styringsverktøy, og gje rammer og retning for kommunen sitt arbeid for å sikre og ta omsyn til naturmangfald i kommunen. Den vil vere viktig for politiske og administrative avgjerdsler, skape ei føreseieleg arealforvaltning og sakshandsaming både for innbyggjarar, grunneigarar og utbyggjarar.
Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget om natur og naturverdiane i Vinje kommune og sikre ei berekraftig arealplanlegging og utvikling i kommunen der naturen blir ivareteke.
Fylgjandemål er lista opp:
- Gje ei god oversikt over verdifulle naturområde og artar i kommunen
- Kunnskap om eigen natur
- Avgrense bit-for-bit-nedbygging og tap av urørt natur
- Bevisstheit
- Grunnlag for å å prioritere og ivareta naturmangfald
- Fokus på friluftsliv og naturmangfald i utbyggingsområde
Frist for innspel
Frist for innspel til planarbeidet og framlegg til planprogram er 01.12.2025. Innspel må vere skriftleg og sendast til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller postmottak@vinje.kommune.no.
Dokument
Kontaktinformasjon
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med sakshandsamar Anne-Sofie B. Strømme, plan- og miljørådgjevar på telefon 48 11 84 29 eller e-post: anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no.
Heimel
Oppstart av planarbeid vert varsla i medhald av plan- og bygningslova § 11-12. Planprogrammet blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-13, jf. §§ 4–1 og 4-2.
Sist oppdatert
