Forskrift om bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i Vinje kommune

I tråd med ny viltressurslov er det eit generelt forbod mot bruk av termsike og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort. Samstundes opnar lova for at kommunen kan tillate bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt gjennom lokal forskrift.

Hjortebestanden i Vinje har vore aukande over tid, og det er fleire stader registrert beiteskadar på jordbruksareal, rundballager og skog. Hjorten samlar seg i store flokkar, ofte på dyrka mark og i nærleiken av veg. Kommunen vurderer at bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel kan vere eit nyttig verkemiddel for å oppnå ynskja avskyting og sikre ei berekraftig forvaltning av hjortebestanden.

Kommunen meiner at ei slik forskrift er nødvendig fordi:

  • hjortebestanden har auka over fleire år
  • det er registrert beiteskadar på jordbruksareal, forlager og skog
  • ein ønskjer å leggje til rette for ei meir effektiv og målretta jaktutøving
  • tiltaket kan bidra til at bestandsmåla vert nådde gjennom ordinær jakt

Frist for innspel er 14.oktober 2026.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?