Oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for kommunedelplan Vågslid

Vinje kommune varslar oppstart av rullering av kommunedelplan for Vågslid og legg samstundes framlegg til planprogram ut til høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i plan- og miljøutvalet 23.09.2026, sak 110/26. Føremålet med planarbeidet er å redusere framtidige utbyggingsområde og reguleringsplanar som ikkje er ferdig utbygde i Vågslid. Det vert ikkje opna for nye arealinnspel i denne avgrensa rulleringa.

Vedtaket var:

  1. I medhald av plan- og bygningslova § 11-13 vert framlegg til planprogram for rullering av kommunedelplan for Vågslid lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i minst seks veker.
  2. Plan- og miljøutvalet legg alternativ 2 til grunn for det vidare planarbeidet.

Alternativ 2: I det vidare planarbeidet skal administrasjonen vurdere reduksjon av framtidige utbyggingsområde for fritidsføremål i kommunedelplanen som ikkje er regulerte. I tillegg skal det vurderast om større utbyggingsområde i gjeldande reguleringsplanar som enno ikkje er realiserte, og der naudsynt infrastruktur ikkje er etablert, bør reduserast eller takast ut av planen.

Dokument

Planområde

Planområdet fylgjer avgrensinga i gjeldande kommunedelplan for Vågslid, planID 20080014, vedteken 14.11.2019.
Plandokumenta til gjeldande kommunedelplan finn de her i kommunen sitt planregister Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Frist for å koma med innspel er 13. desember 2026

Alle kan koma med innspel og innspel kan sendast til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje, eller postmottak@vinje.kommune.no

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med sakshandsamar på telefon 48 11 84 29 eller e-post: anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no om du har spørsmål til planen. Du kan også ta kontakt med tenestetorget på tlf. 35 06 23 00.

Planområdet fylgjer avgrensinga i gjeldande kommunedelplan for Vågslid, planID 20080014, vedteken 14.11.2019.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?