Rullering av kommuneplanen sin arealdel er i gang!

I tråd med kommunal planstrategi er kommunen i gang med rullering av kommuneplanen sin arealdel. Dette er ein stor plan, som dekker heile kommunen og er med på å styre arealbruken framover. Arbeidet vil gå føre seg over fleire år og viktige tema vert belyst.

Det er viktig med innspel og engasjement!

På denne sida vil me legge ut relevante dokument.

Planprogram for rullering av arealdelen klargjer kva tema som skal greiast ut i prosessen. Planprogrammet vart vedteke i kommunestyret 15.09.22

Kommunedelplan Edland/Haukeli (markert i grått på bilde under) er ikkje med i rulleringa, men ein kan koma med innspel om området rundt.

Kart over Edland/Haukeli

Sakshandsamarane på planavdelinga vil ha tre opne kontordagar i sommar, der du kan stille spørsmål og få ein prat om arealdelen.

  • 19. juni kl. 09.00-15.00
    Sondov i Rauland, Rjukanvegen 17
  • 31. juli kl. 09.00-15.00
    Kommunehuset i Åmot, Vinjevegen 192
  • 15. august kl. 09.00-13.00
    Haukeli hotell, Hauganvegen 1

Kommuneplanen sin arealdel er ein overordna, strategisk plan. Planen skal vise samanhengen mellom framtidig ønska samfunnsutvikling og arealbruk. 

Arealstrategiane er utforma med utgangspunkt i føringar i kommuneplanens samfunnsdel for Vinje, og drøftingar i verkstad om kommuneplanens arealdel i kommunestyret 30.01.2024. Desse blir førande for vidare planprosess, både for grovsiling av innspel og utarbeiding av planforslag. Administrasjonen vil gjera ei grovsiling av arealinnspel som har kome inn til planarbeidet, og sile ut innspel som ikkje er i tråd med fastsette arealstrategiar. Resultatet av grovsilinga vil bli lagt fram til politisk handsaming før vidare arbeid med konsekvensutgreiing av arealinnspel.

Kommunestyret vedtok 19.11.2024 i sak 156/24 kva for arealinnspel til kommuneplanens arealdel som skal konsekvensutgreiast. Kommunedirektøren la fram ei grovsiling av innspela basert på prinsippa i arealstrategiane som kommunestyret vedtok 16.04.2024 i sak 52/24. Kommunestyret vedtok denne grovsilinga slik den låg føre. Innspela som ikkje blei teke med vidare til konsekvensutgreiing er då forkasta og vert dermed ikkje vurdert vidare i denne planprosessen. Dette gjeld mellom anna alle innspel om fritidsbustader. Administrasjonen skal arbeide vidare med eit notat knytt til kommuneplanens arealdel i samband med kriterium for eventuelt frådeling av hyttetomter frå gardsbruk. Elles vart alle innspel om næring, bustader og utleigehytter teke med vidare til konsekvensutgreiing. Andre innspel som ikkje krev konsekvensutgreiing er ikkje handsama i denne saka.

Det er ikkje høve for å klage på dette vedtaket, jf. pbl § 11-15. 

Torsdag 12. juni vart det halde folkemøtet på Vinjehuset om kommuneplanen sin arealdel som er ute på høyring.

Informasjon knytt til arealdelen som er på høyring:

Utdrag frå føresegner og retningsliner for kommuneplanens arealdel:

6.7. Omsyn til kulturmiljø H570 (§ 11-8 c)

Sona omfattar eit utval av bevaringsverdige bygningsmiljø i kommunen, der målsettinga er å bevare og vidareutvikle bygningane si kulturhistorie, arkitektoniske og miljømessige verdiar i samanheng med omkringliggande miljø. Omsynet til kulturmiljøa og dei antikvariske verdiane skal vera førande for bygge- og anleggstiltak. Søknadar om tiltak som vil kunne få konsekvensar for kulturmiljø og antikvariske verdiar skal sendast regional kulturminneforvaltning for uttale.

Retningsliner knytt til bygg:

· Nye bygg skal ta omsyn til eksisterande omgjevnadar sin karakter, høgder, volum, utnyttingsgrad, materialbruk og fargar.

· Tilbygg skal utformast slik at bygningen framstår heilskapleg i høve takform, takvinklar, fargeval og vindaugeløysingar

· Terrenginngrep: Tiltak skal harmonere med området sin landskapskarakter og terrengtilhøve.

Omsynet til kulturmiljøet skal ikkje vera til hinder for naudsynte tiltak for landbruksverksemd og sikkerheit. Kommunen kan gje løyve til naudsynte tiltak, sjølv om dei ikkje harmonerer med kulturlandskapet.

 

H570_1: Området inngår i verdsarvområdet for Rjukan-Notodden

H570_2: Området inngår i buffersona for verdsarvområdet for Rjukan-Notodden

H570_3: Området har nasjonal verdi som kulturhistorisk landskap. Det verdifulle kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturminne og kulturmiljø, natur, jordbruksareal og den visuelle opplevinga av landskapet blir oppretthaldt som grunnlag for landbruk, kunnskap, oppleving, verdiskaping, rekreasjon og friluftsliv. Ved søknad om tiltak skal konsekvensane av varige fysiske inngrep visualiserast. Søknader og meldingar om tiltak som vil kunne få konsekvensar for kulturlandskapet skal sendast regional kulturminneforvaltning for uttale.

H570_4: Området har nasjonal verdi som kulturlandskap og kulturmiljø. Det verdifulle kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturminne og kulturmiljø, natur, jordbruksareal og den visuelle opplevinga av landskapet oppretthaldast som grunnlag for landbruk, kunnskap, oppleving, verdiskaping, rekreasjon og friluftsliv. Ved søknad om tiltak skal konsekvensane av varige fysiske inngrep visualiserast. Søknader og meldingar om tiltak som vil kunne få konsekvensar for kulturmiljøet og kulturlandskapet skal sendast regional kulturminneforvaltning for uttale.

Planvask går ut på å fjerne arealføremål for utbygging i planen, og tilbakeføre det til arealføremålet LNF (landbruk, natur og friluftsliv). I høyringsframlegget er det fjerna ein del hytteområde som ikkje har ein reguleringsplan og ikkje er utbygd.

I den gamle arealdelen som er gjeldande no ligg det inne noko «spreidde områda» (kan gjelde fritidsbustader, bustader og næring), der det er knytt eit antal tomter eller einingar ein legg opp til å kunne byggje innanfor området. Det er i utgangspunktet ikkje lagt inn i den nye arealdelen som er på høyring. I gjeldande plan var det nokon område med spreidd hyttebygging som hadde ei kvote på kor mange tomter dei kunne dela frå til hytter. Me reknar at det står att ca. 100 tomter i desse områda som ikkje er «bruka opp». Arealføremålet ligg der slik at dei bygga som er der frå før kan søke om tiltak utan å trenge dispensasjon frå planen. Nye bygg må søke om dispensasjon, og det er i føresegnene lagt inn retningsliner på kva som skal leggast til grunn i vurderinga om å innvilge dispensasjon.

Tomter som er frådela men enno ikkje bygd på kan og byggjast på dersom dette planframlegget blir vedteke.

I eiga sak til plan- og miljøutvalet 19.02.2025, sak 27/25 og 30.04.2025, sak 60/25 (som også er til handsaming i kommunestyret samstundes med denne saka) vart det teke stilling til prinsipp og framgangsmåte for planvask i samband med arbeidet med kommuneplanens arealdel. I framlegg til ny KPA er fylgjande vedtak lagt til grunn.

Framlegg til ny arealdel vert lagt fram utan nye område eller kvoter til fritidsføremål. I tillegg er eksisterande kvoter og område frå gjeldande KPA og KDP ikkje teke med vidare i ny plan. Dette utgjer omlag 100 tomter spreidd rundt i kommunen (tomtene i reguleringsplanane Nystog og Kjøytevikje kjem i tillegg). I tillegg til dette er omlag 2000 daa byggjeområde som ikkje er regulert teke ut. I kombinerte bygge- og anleggsføremål (KBA) i Raulandsgrend er det ikkje høve til å byggje fleire fritidsbustadar, men nokre av områda opnar opp for å byggje hotell/leilegheiter og utleigehytter (varme senger). Dette er eit viktig tiltak for å ha høve til å byggje varme senger i tilknyting til Raulandsfjell dersom det kjem i gang att.

I gjeldande KPA ligg det ved eit notat som opnar for å skilje frå tomter ved særskilte høve. I sak om grovsiling, handsama i KST 30.10.24, sak 126/24 vart det vedteke at «Administrasjonen skal arbeide med eit notat liknande det som er i gjeldande arealdel for å lage vilkår til å handsame dispensasjonssaker.» I framlegg til ny KPA er dette løyst med å leggje eit eige punkt med retningsliner i føresegnene som opnar for dispensasjon frå pkt. 5.1 under visse føresetnadar.

5.3 Retningsliner for dispensasjon for spreidd utbygging av næring, bustad og fritidsbustad.

Dispensasjon frå pkt. 5.1 for etablering av spreidde bustadar eller fritidsbustadar kan innvilgast dersom følgjande kriteria er innfridd og tiltaket elles er i samsvar med fellesføresegnene i kap.1:

  • Fritidsbustad: Tiltaket støttar opp under busetting og generasjonsskifte i grendene.
  • Tiltaket ligg ikkje innanfor LNF2, omsynssone for villrein (H560_X) eller over tregrensa.
  • Tiltaket er ikkje i konflikt med viktige friluftslivsområde, verdifulle naturtypar og sårbare artar, kulturminne og -miljø, verdifulle kulturlandskap, dyrka mark, myr, skog med høg bonitet, drikkevasskjelder eller verdifulle lausmasseressursar.
  • Trafikksikker tilkomst er dokumentert. For bustadar må trafikksikkerheit for skulebarn på skuleveg, eventuelt fram til skulebuss vere dokumentert.
  • Bygg og andre tiltak er tilpassa terreng og eksisterande bygg.
  • Krav i støyretningslina T-1442 er innfridd.
  • Krav til avkøyring, vatn, avløp og naturfare jf. PBL §§27-28 er dokumentert.
  • Søknad om frådeling er sendt til uttale til regional styresmakter.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?