Reguleringsplan for Åmothaugen Vest i Åmot er vedteke.

Klagefrist er 15. mai 2026

Vinje kommune kunngjer at reguleringsplan for Åmothaugen Vest, 20160005 er vedteken i kommunestyret 24.03.26 i sak 19/26.

Føremålet med planen er å leggje til rette for utviding av helsesenteret med eit nybygg i området til Bratlands forretning. Det er vidare vurdert ny trafikal struktur som sikrar mjuke trafikantar. I planen blir også kommunehuset, bibliotek/politistasjon, eksisterande omsorgsbustader, vegar og gang- og sykkelvegar tatt med.

I tillegg er området ned mot Ormetjønn teke med for å sikre ein universelt utforma turveg frå Åmothaugen Vest og ned til Ormetjønn, med moglegheit for universelt utforma fiskeplass og badeplass.

Du kan klage på vedtaket innan 15. mai 2026

Klaga må vera skriftleg og merkast med «klage på reguleringsplan for Åmothaugen Vest».

Dersom du meiner at reguleringsplanen fører til tap som gjev grunnlag for erstatning, må du fremje kravet skriftleg innan tre år frå denne kunngjeringa. Etter dette fell retten til erstatning bort.

Du må sende klaga eller erstatningskravet på e-post til postmottak@vinje.kommune.no eller til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.

Dersom kommunen ikkje tek klaga til fylgje, blir den sendt til statsforvaltaren. Statsforvaltaren tek endeleg stilling til klaga.

Informasjon om reguleringsplanen

Reguleringsplanen finn du her i kommunen sitt planregister, arealplaner.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Frist for innspel

Du kan sende høyringsinnspel innan 6. februar 2026. Innspel må vere skriftleg og skal sendast til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller postmottak@vinje.kommune.no.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med sakshandsamar på telefon 48 11 84 29 eller e-post anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no om du har spørsmål til planarbeidet. Du kan også ta kontakt med tenestetorget på 35 06 23 00.

Lovverk

  • Planen er vedteken i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.
  • Om klagerett etter plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12, jf. forvaltningslova kap. VI.
  • Krav om erstatning gjeld etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?