Delegeringsreglement

Overordna reglement for delegasjon av mynde

Formål

All mynde er i utgangspunktet lagt til kommunestyret. Det er kommunestyret si oppgåve å delegere mynde, slik at ein får ein effektiv organisasjon. Dei omsyn som må takast i denne samanheng er:

  • Rettstryggleiken for innbyggjarane som har saker til handsaming.
  • Effektiv ressursbruk.
  • Service og tid for handsaming av saka.
  • At enkeltavgjerder skal vera i samsvar med politiske mål og retningsliner.

Dette overordna delegasjonsreglementet gjev:

  • Retningsliner for korleis mynde skal delegerast.
  • Retningsliner for bruk av delegert fullmakt.
  • Tiltak for rettstryggleik, kontroll og tilbakemelding.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?