Informasjonskapslar

Kva er ein informasjonskapsel?

Ein informasjonkapsel er ein kode som blir sendt frå vår servar til nettlesaren på din PC, mobil eller nettbrett når du er inne på nettsida vår. Denne koden blir lagra i nettlesaren. Når du seinare gjeng inn på nettsida, blir informasjonskapselen sendt frå nettlesaren din til servaren vår som "kjenner att" din PC, mobil eller nettbrett. Dette gjer det mogeleg for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving éin gong, vil servaren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.

Informasjonskapslar blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og statistikk for å gjere nettsida betre.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) gjeld frå 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysingar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje blir lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at din PC, mobil eller nettbrett blir "kjend att" på sida du besøker. Samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyr.

Slik brukar Vinje kommune informasjonskapslar

Vinje kommune nyttar berre naudsynte informasjonskapslar på nettsida, som syter for at tenestene våre er sikre og virkar som dei skal. Du kan ikkje deaktivere desse.

Informasjonskapslane me brukar:

Namn

Forklaring

JSESSIONID

Informasjonskapselen blir nytta til å knyte brukaren til ei økt (ditt besøk). Økta blir deretter brukt av Sitevision til fleire ulike funksjonar knytt til brukaren.

SiteVisionLTM

Sitevision Cloud brukar den unike informasjonskapselen SiteVisionLTM for å halde orden på kva underliggjande servar klienten skal kommunisere med.


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?