Postlister

Informasjon

Informasjon om handsaming av saker er ein viktig del av kommunen si satsing på digitale s internettsatsing. Når offentleg journal og utval ligg på nett, kan fleire fylgje med på kva som blir handsama. Større openheit og meir innsyn i kommunen sine aktivitetar er ei styrke for lokaldemokratiet.

Alle har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, med unntak av dokument som ikkje er offentlege heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent, heilt eller delvis.

Postjournalen inneheld opplysningar om alle inn- og utgåande brev, eigedomsarkiv, planarkiv, næringsarkiv og integreringsarkiv. Postjournalen inneheld ikkje opplysningar frå elev-, barnehage- og personalarkiv. Du vil og finne arkivdokumenta til fylgjande interkommunale selskap i postjournalen til Vinje kommune: Vest-Telemark driftssenter, Kraftkompetanse KO og Vinje Datasenter Holding AS.

På grunn av kvalitetssikring blir opplysingar lagt ut tre dagar etter journalføring og er tilgjengeleg i 365 dagar. Du kan søkje i postlista via Elements publikum og bestille innsyn i dokument. 

Krav om innsyn skal avgjerast utan ugrunna opphald, jf. offentleglova § 29. Du har rett på svar i løpet av tre virkedagar. Om ikkje svar er motteke i løpet av fem virkedagar, er det å rekne som eit avslag som kan klagast på.

Innsyn i eldre saker

Du kan krevje innsyn i dokument eldre enn 365 dagar skriftleg eller munnleg jf. offentleglova § 28. Innsynskravet må gjelde ei bestemt sak eller type sak. Ta kontakt på tlf. 35 06 23 00, postmottak@vinje.kommune.no Åpnes i nytt vindu. eller klikk her for lenke til elektronisk skjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Når det gjeld innsyn i saker som er arkivert i kommunen sitt fjernarkiv eller depot, må ein rekne med ventetid.

Avslag og klagefrist

Avslag på krav om innsyn vil koma skriftleg og vil vise til aktuell lovheimel for avslag og opplysing om 3 veker klagefrist jf. forvaltningslova § 29. Sjølve klageprosessen er nærare beskrive i offentleglova § 31 og § 32.
Pris for innsyn er i utgangspunktet gratis, jf. § 8 i offentleglova.

Pasient- og klientsaker

Pasient- og klientsaker blir ført i eigne fagsystem og postlister frå desse systema blir ikkje publisert på Internet av omsyn til personvernet.
Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18. Eventuelle spørsmål om innsyn i slike saker må rettast direkte til aktuell eining.

Historiske arkiv

IKA Kongsberg forvaltar eldre og avslutta arkiv for 40 kommuner og fylkeskommuner i Buskerud, Vestfold og Telemark. Dei har som oppgåve å sikre at historiske arkiv blir tatt vare på og blir gjort tilgjengeleg for notid og framtid. Opne og tilgjengelege arkiv er avgjerande for eit trygt og demokratisk samfunn, der innbyggjarar kan dokumentere sine rettigheitar og forskarar, journalistar og juristar kan hente viktige kilder.

Meir informasjon og lenke til IKA Kongsberg sine arkiv finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?