Prosjekt HelseSamArbeid

2019-2022

Målet med prosjektet var å utvikle og dokumentere eit saumlaust tenestetilbod som styrka arbeidsdeltaking for sjukemelde med fare for langtidsfråver.
Korleis sikre tidleg identifisering av arbeidstakarar som står i fare for langtidsfråver? Kva er optimalt innhald og organisering av tenestene? Kva skal til for å sikre god kommunikasjon mellom arbeidstakar, fastlege, arbeidsgjevar og andre involverte?

Prosjektet legg til rette for lokal innovasjon gjennom å prøve ut nye former for oppfølging og samarbeid. Involverte aktørar som arbeidstakar/sjukemeld, arbeidsgjevar, BHT, fastlegar og andre helseaktørar i kommunen, NAV og spesialisthelsetenesta skal saman bidra til å sikre kvalifisert oppfølging på eit tidlegare tidspunkt enn i dag.

I prosjektet samarbeidar Vinje kommune med kommunane Bamble og Norddal (Fjord). Hovudaktivitetane er dels utviklingsarbeid i kommunane, dels forsking som gjennomførast samtidig og i etterkant, for å støtte opp om utviklingsarbeidet og evaluere prosess og resultat. Forskinga blir leia av USN (Universitetet i Sørøst-Norge) og Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering (AiR - Rauland).

Prosjektet er støtta av Forskningsrådet

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?