Kommunale vegar

Vegnettet inneheld både asfalterte vegar, vegar med oljegrus og vegar med grusdekke.

Kråmvikvegen

Vinterstengt

Det er ikkje vinterberedskap på Kråmvikvegen. Vegen blir difor stengt rundt 1. november. Det blir varsla i forkant på heimesida til Vinje kommune og i innbyggjarappen vår Friskus.

Opning om våren

I Fylkesdelplan for Hardangervidda Aust er det bestemt at Kråmvikvegen ikkje skal opnast for offentleg ferdsel før 1. juni. Dersom vegen vert brøytt før 1. juni skal den vera stengt med bom.

2026: Vegen blei opna heilt inn til Kråmvikbrygga 9. juni.

Det er nedsett aksellast til 3 tonn på vegen frå Bitdalskrysset til Kråmvikbryggja.

Sommarvedlikehald

Sommarvedlikehaldet vert i all hovudsak utført av kommunens eigne mannskap og maskiner, men når det er trong for det vert lokale entreprenørar leigd inn.

Vintervedlikehald

Vintervedlikehaldet vert utført av både eige mannskap og maskiner og innleigde entreprenørar. Brøytinga vert innleigd bortsett frå i Åmot der kommunen sjølv utfører mesteparten av brøytinga. Strøyinga vert utført av kommunen sjølv bortsett frå i Edland/Haukeli og på Rauland.

Teleløysing

I periodar med teleløysing vert det innført aksellastrestriksjonar på dei fleste vegane. Restriksjonane vert annonsert i dei lokale avisene og maks aksellast kjem fram av skiltinga på kvar enkelt veg. Etter Veglova er det Statens vegvesen som har mynde til å gje dispensasjonar, men det vert i utgangspunktet ikkje gjeve dispensasjonar til anna enn buss i rute og renovasjonsbil.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?