Aktivitetskalender

Aktivitetskalenderen Friskus er ein digital kalender som samlar aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag på éin stad.

Tenesta er gratis å bruke og gjer det enklare for deg som innbyggar eller besøkande å finne noko å vera med på i Vinje.

I Friskus får du oversikt over aktivitetar og arrangement i nærmiljøet. Her finn du til dømes:

  • kulturarrangement
  • fritidsaktivitetar
  • møteplassar
  • familieaktivitetar
  • frivillige oppdrag

Kalenderen gjer det enkelt å finne tilbod som passar for deg. Du kan filtrere aktivitetane etter interesse, stad, aldersgruppe og kategori.

Du vel sjølv om du berre vil sjå ein oversikt over kva som skjer, eller om du vil melde deg på aktivitetar og engasjere deg som frivillig.

Om du vil fylgje ei arrangørside eller melde deg på ein aktivitet, må du opprette ein brukar. Då vel du "Logg inn" og så "Lag ein konto".

Friskus er eit nyttig verktøy for lag, foreiningar, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen.

Ved å bruke Friskus kan de:

  • marknadsføre aktivitetar og arrangement
  • nå ut til fleire innbyggjarar
  • synleggjere tilboda dykkar på ein felles møteplass
  • rekruttere frivillige
  • gjere det enklare for folk å finne aktivitetane dykkar

Kalenderen er gratis å bruke for alle.

Rekrutter frivillige med Friskus

Friskus kan brukast til å synleggjere frivillige oppdrag og nå ut til fleire som ynskjer å engasjere seg. For mange organisasjonar er eigne nettverk den viktigaste rekrutteringskanalen, men gjennom Friskus kan de også nå personar som de elles ikkje ville ha nådd ut til.

Dette kan bidra til breiare rekruttering og gjere det enklare for nye frivillige å bli med.

Slik kjem de i gang

For å ta i bruk Friskus som arrangør må de opprette ein arrangørprofil.

  1. Gå til Friskus-portalen for kommunen.
  2. Vel Opprett arrangørprofil.
  3. Fyll inn opplysningar om laget, organisasjonen eller verksemda.
  4. Legg inn kontaktperson og kontaktinformasjon.
  5. Når profilen er godkjent, kan de publisere aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag.

Kven kan opprette arrangørprofil?

Alle lag, foreiningar, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen, kan opprette arrangørprofil i Friskus.

Alle arrangørar må registrere kontaktperson og kontaktinformasjon.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?