eDialog
Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.
Her finn du lenke til eDialog Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Fordelane med eDialog:
- Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
- Det gjev ein sikker identifikasjon av avsendar
- Innsendt informasjon blir sendt rett i sak/arkivsystemet
Me anbefalar deg difor å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt.
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten.
Du kan bruke eDialog dersom du skal:
- Sende dokument til sakshandsaming eller journalføring
- Sende sensitiv post med konfidensielle opplysningar
- Sende dokument til eksisterande sak
Du skal ikkje bruke eDialog dersom:
- Kommunen har eige elektronisk skjema til føremålet.
Søknadsskjema finn du under Tenester på nett Åpnes i nytt vindu. - Du har generelle spørsmål om kommunale tenester. Då kan du ta kontakt på telefon eller sende e-post til postmottak@vinje.kommune.no
Korleis mottek me post som du sender inn med eDialog?
Vinje kommune sine arkivarar tek imot innsendinga di og vidareformidlar til rett person eller sakshandsamar. Svar blir sendt til din elektroniske postboks (Altinn, Digipost eller eBoks).
Korleis fyller du ut skjema i eDialog?
- Vel om du er privatperson/innbyggjar (bruk fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (bruk organisasjonsnummer).
- Gje ei god skildring av innsendinga di. Kommentarfeltet vert lagt inn som eit eige vedlegg til innsendinga di.
- Er saksnummeret til kommunen kjent, skriv gjerne dette i feltet «tittel» saman med tittel på innsendinga. Døme: «2023/587 – »
- Hugs å laste opp relevante vedlegg, helst som pdf.
- Klikk på «send forsendelse». Du vil få kvittering på e-post.
Kva med dokument som er unnateke offentlegheit?
eDialog er godt eigna til å sende inn dokument som er merka «unntatt offentlighet». Kanalen er kryptert og avsendar autentisert.
eDialog kan brukast til å svare på brev frå kommunen
Døme:
Me sender deg brev der me ber om svar frå deg. Du får varsling på e-post/telefon og kan opne det i din elektroniske postboks (Altinn, Digipost eller e-Boks). I brevet finn du lenke til eDialog-skjemaet «Svar på denne forsendelsen». Du loggar inn og sender svaret til oss. Svaret går direkte til sakshandsamar i vårt system. På denne måten blir både utgåande post, og svar handtert fullelektronisk i vårt saks- og arkivsystem.
Kva må du hugse på når du sender post til kommunen?
All post til og frå kommunen er offentleg, med mindre den inneheld informasjon som er omfatta av teieplikt. Dersom skrivet frå deg blir sakshandsama, vert det registrert i kommunen sitt arkiv- og sakshandsamingssystem og deretter publisert i kommunen sine postlister.
Sist oppdatert
