Innbyggjarappen til

Vinje kommune

Kva er ein innbyggarapp?

  • Friskus kommune er ein applikasjon (app), du kan ha på mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. For å ha appen på telefonen din, må du ha ein smarttelefon.
  • Vinje kommune brukar innbyggjarappen for å informere om aktuelle saker, og dele fine historiar frå kommunen vår.
  • Appen er gratis, og du vel sjølv kva for kategoriar du ynskjer å få informasjon om. Me har 13 kategoriar du kan velje, det er mellom anna “Kultur og fritid", “Beredskap og krisevarsling”, “Planar og høyringar” og “Vinje kommune informerer”. 
  • Det er ein eigen meny i appen som heiter “Sjølvbetening”, der du finn snarvegar til nyttige nettsider. Det er mellom anna snarveg til Vinjenett, eBillett, Helsenorge med meir.
  • Det er også ein eigen meny som heiter "Politisk", der du kan fylgje med på kva for saker som er til politisk behandling.

Slik lastar du ned innbyggjarappen

  • Du kan laste ned innbyggjarappen gratis på mobiltelefon eller nettbrett  
  • Last ned appen i App Store eller Google Play, eller scan QR-koden i bildet under
  • Fylg instruksjonane som kjem opp i appen, for å velje kva for kommunar du ynskjer å få informasjon om, og kva for kategoriar du vil fylgje. Dette kan du endre på når som helst seinare også.
  • Om du ynskjer å få eit varsel når det blir lagt ut ei ny melding i ein kategori du fylgjer, kan det vera lurt å aktivere varslingar. Dette er noko du vel når du tek i bruk appen fyrste gong, eller du kan inn på varslingsinnstillingane på telefon eller nettbrett for å tillate varslingar. 

Treng du hjelp til å laste ned appen?

Du kan gjerne ringe, eller koma innom på Tenestetorget om du treng hjelp med innbyggjarappen.

Bilde med QR-kode

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?