Innbyggjarappen Friskus
Last ned Friskus – få info rett i lomma!
Friskus er ein gratis innbyggjarapp der du enkelt kan få informasjon frå Vinje kommune – tilpassa deg og dine interesser!
Du vel sjølv kva for kategoriar du vil fylgje, til dømes:
- Kultur og fritid
- Senior i Vinje
- Beredskap og krisevarsling
- Barn og familie
Perfekt for deg som vil halde deg oppdatert på det som skjer!
Slik kjem du i gang:
- Last ned Friskus kommune i App Store eller Google Play
- Vel Vinje kommune
- Kryss av for dei kategoriane du vil fylgje
- Aktiver varslingar for å få beskjed når noko nytt skjer!
Tips: Du kan endre kategoriar og varslingsinnstillingar når som helst.
Sist oppdatert
