Flexiruter

Flexirute er bestillingstransport med drosje/minibuss frå heimen til sentrum og tilbake og er ein del av det vanlege kollektivtilbodet.

Tilbodet er for alle, men særleg tilpassa for deg som ikkje har eigen bil eller bur i område det er lite eller ikkje kollektivtilbod.

Det er Telemark fylkeskommune som har ansvaret for, og organiserar transportrutene i kommunane.

Påmelding

  • Du må melde deg på innan kl. 21.00 dagen før du treng transport.
  • Edland rute: telefon 91 52 08 95
  • Øyfjell: telefon 03500
  • Om du melder deg på etter fristen, kan du bli med om det er plass, men det blir ikkje køyrt ekstratur.

Praktisk informasjon

  • Treng du ekstra service, må du melde frå om dette ved påmeldinga. Gje beskjed om du skal ha med rullator eller rullestol.
  • Bagasje og anna utstyr kan du ta med, om bilen har kapasitet.
  • Ynskjer du å bli henta heime og bli køyrt tilbake til heimen, må du sei ifrå om dette ved påmeldinga.
  • Dersom bilen ikkje har plass til alle påmeldte, køyrer transportøren ein ekstratur, for dei som har bestilt på førehand.
  • Ved påmeldinga får du beskjed om tidspunkt for avgang/henting.

Kva kostar ein tur

  • Prisen er kr 50 kvar veg.

Køyretidspunkt

  • Flexirutene køyrer heile året, men ikkje på heilagdagar.

Alle som ynskjer å nytte kollektrivtransport kan fylgje flexi- og skuleruter

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?