Kommunal vigsel
Skal du gifte deg borgarleg?
Då kan du kontakte oss for å bestille tid og lokale.

Stad og vigslar
Kommunestyret har bestemt at dei som kan gjennomføre ein borgarleg vigsel i vår kommune er:
- Ordførar Jon Rikard Kleven
- Varaordførar Nils Johan Svalastog Garnes
- Anders Sandvik
- Margit Elise Karlsen
Du tek kontakt med administrasjonssekretær, Reidun Lofthus, for å gjera avtale om vigsel.
Kommunestyresalen i kommunehuset i Åmot er kommunen sitt vigselsrom. Andre stadar kan avtalast særskilt.
Godkjenning
For å gifte deg må du få godkjenning frå Folkeregisteret.
Lenke til skjema og informasjon om prosessen finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Pris
For kommunens eigne innbyggjarar er tilbodet gratis.
For par som ikkje er heimehøyrande i Vinje vil det koste kr 3 500 på kvardagar og kr 5 000 på helge- og heilagdagar.
Dersom de ynskjer å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnadar sjølve.
Sist oppdatert
