Campus Rauland

USN sitt Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst

Du finn meir informasjon om studie og studiestaden her (USN) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Vinje kommune ynskjer å motivere studentar til å melde flytting til kommunen, slik at me kan gje studentane endå betre servicetilbod og tenester under heile studietida. Kvart år vil det vera ein kampanjeperiode i tidsrommet 1. august til 1. november.

Studentar som melder flytting til Vinje i kampanjeperioden får eit gåvekort på kr. 7000, som anten kan bli brukt til kjøp av sykkel og hjelm, kjøp av PC til bruk i utdanninga, eller materiell knytt til skulearbeidet. 

Kriterie for å få tilskot

  • Du må vera student og kunne leggje fram gyldig studentbevis.
  • Du må ha meldt flytting frå ein annan kommune til Vinje kommune etter 1. august det aktuelle året, og må kunne leggje fram flyttemelding frå Skatteetaten om ny adresse i Vinje kommune.
  • Du forpliktar deg til å ha bustadadresse i Vinje kommune under heile studietida.
  • Registreringsfrist: 1. november det aktuelle året.

Dette får du når du melder flytting til Vinje

  • Stemmerett i Vinje, slik at du kan påverke politikken.
  • Betre kommunale tenester ved at kommunen får auka økonomiske rammer per nye innbyggjar.
  • Tilskot til sykkel, datamaskin eller materiell knytt til skulearbeidet. Det må leggast fram kvittering for innkjøpet det blir søkt tilskot til, eventuelt eit dokumentert kostnadsoverslag for studiet.
  • Som ny innbyggar i Vinje får du også ei tilflyttarpakke, med valfritt gåvekort. Les meir om tilflyttarpakkene her

Slik melder du flytting

Registreringsskjema finn du her pdf, 148 kB, åpnes i nytt vindu.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Vinjelos, Silje Hagen, om du lurer på noko rundt det å flytte til Vinje.

Les meir om Vinjelosen, og sjå kontaktinfo her

Studentmeldinga 2025-2028 er ein plan for utvikling av Rauland som studiestad og Vinje som vertskommune. Den nyaste versjonen av studentmeldinga blei vedtatt i kommunestyremøte 19.11.2024, i sak 159/2024. 
Meldinga kan du lese her pdf, 1 MB.

Sjå gjerne filmen “Vinje er framtida”, som viser litt av livet i Vinje, og alt me har å by på.


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?