Prøvebu i Vinje
Har du eit ynskje om å bu i ei bygd med vakre naturopplevingar, med jakt, fiske, slalombakke, langrennsløyper, skuterløyper og der ting skjer og du vil bidra til å få til noko ? No har du sjansen til å prøvebu i Vinje!

Kva er Prøvebu
Eit tilbod til etableringsklare folk som ikkje bur i Vinje, for å teste ut bygdelivet. Du kan bu i kommunen ei stund, før du eventuelt etablerar deg.
Kven kan søkje
- Du må bu utanfor Vinje kommune sine grenser i dag
- Du må ha fast jobb/inntekt
- Du må ha eit sterkt ynskje om livet på bygda og fast busetjing
Kvar kan du prøvebu
Foreløpig har me ein prøvebustad i Øyfjell. Det kjem også opp ein prøvebustad på Mobø i Raulandsgrend, der det blir etablert ein mikrohuslandsby.
Det er ynskje om prøvebustader fleire stader i Vinje, for å gje folk eit attraktivt og variert leigetilbod. Informasjon om dette vil då bli lagt ut på denne sida.
Øyfjell
Bygda Øyfjell i Vinje har hatt prøvebustad sidan hausten 2010. Bustaden oppstod i kraft av bygdemobiliseringsprosjektet Øyfjell City. I prosjektet låg tre bustader, der den eine av desse skulle vere prøvebustad. Tunet er tufta på det tradisjonelle «rekkjetunet», med bruk av moderne arkitektur og tradisjonelle materialar. Dette var viktig i prosjektet for å trekke liner tilbake til tradisjonell byggeskikk, så vel som å legge til rette for eit inkluderande bumiljø.
Vinje kommune eig bustaden, og har ansvar for vedlikehald og administrering av søknadar frå interessentar. Dette skjer i tett samarbeid med Øyfjell utvikling, som er del av styringsgruppa for prøvebu i kommunen, og som også er med på oppfylginga av leigetakarane i prøvebustaden.
Føremålet med prøvebustaden er å gje deg sjansen til å finne ut om du ynskjer å etablere deg på permanent basis i Vinje kommune.
Oppfylging og leigetid for prøvebustaden i Øyfjell
- Leigetida for prøvebustaden er 2 år, med moglegheit for 1 års forlenging.
- I løpet av år 2 må du legge ein plan for komande år, og me vil ha ei oppfylgingssamtale etter desse to åra. Du vil då bli spurt om planane vidare, og du kan då få moglegheit til 1 års forlenging ut frå kva du ser for deg i framtida med tanke på bustad og finansiering.
- Om du då får forlenga prøvebu perioden med 1 år, må du i løpet av dette året realisere planen om kjøp eller bygging av bustad i kommunen.
Mobø -mikrohus
Mobø mikrohuslandsby er under etablering, og det vil koma informasjon her så snart prøvebustaden og ordninga for å prøvebu i mikrohus på Mobø er klar.
Planane for Mobø er å skape ein mikrohuslandsby à 14 mikrohus, i tillegg til eit felleshus. I planane ligg også plass til 5 minihus eller rekkjehus.
Mobø ligg omtrent 5 km frå Rauland sentrum, og vil vera eit godt alternativ for folk som ynskjer mindre rom, mindre vedlikehald, nærleik til fjell, natur og turløyper, og som vil ha eit lite «start-hus».
Kva kan du forvente etter å ha sendt inn søknad om å prøvebu?
- Når du har sendt inn søknad om å prøvebu, vil styringsgruppa for prøvebu handsame søknaden din.
- Du er ikkje sikra å få plass som prøvebuar sjølv om du søkjer.
- Styringsgruppa vil kalle inn aktuelle søkjarar til intervju, og deretter avgjera kven som får moglegheita til å bu i den aktuelle prøvebustaden.
- Alle som søkjer om å prøvebu, vil få svar på motteken søknad, og om dei får moglegheita eller ikkje.
Litt om Vinje
Vinje kommune er ein stor kommune i areal. Kommunen har tre senter; kommunesenteret Åmot, og lokalsentra Rauland og Edland/Haukeli. I tillegg har me bygda Øyfjell som er kjend for fyrste prøvebustaden, og den dels veglause perla Møsstrond som ligg i inngangen til Hardangervidda.
Slik søker du om prøvebustad
Det er eit eige skjema som du må fylle ut og sende inn. Skjema finn du under boksen skjema, nederst på denne sida.
Velkomen til å søkje om å prøvebu😊
Relatert informasjon
Sist oppdatert
