Kven blir testa for koronavirus?

Folkehelseinstituttet anbefalar at alle som mistenker at dei er smitta skal testast. Dei vanlege symptoma er hoste, feber, tungpusthet, tap av smak- eller luktesans, sår hals eller sjukdomsfølelse. 

Du kan lesa meir om testkriteria frå FHI her.

Korleis bestille test?

Ring legekontoret 35 06 25 00

Kor føregår testing?

I ei brakke utanfor legekontoret, eller gjennom bilruta utanfor same brakka. 

Korleis føregår testing?

Testing er med ei nase- og halsprøve ved hjelp av tynne pinnar. 

Ventar du på prøvesvar?

Etter at du har blitt testa skal du halde deg heime til du har fått prøvesvaret. 

Prøvesvaret er vanlegvis klart i løpet av 1-4 dagar Du vil få svar uavhengig om prøva er positiv eller negativ, på sms eller e-post eller begge delar. 

Les meir om prøvesvar på helsenorge.no (Her kan du og logge inn for å sjå prøvesvar)

NB: Nærkontaktar (personar som har hatt tett kontakt med ein person som er bekrefta smitta), og personar i innreisekarantene skal vera i karantene i 10 dagar etter siste eksponering eller etter ankomst til Norge.