Foreldrerådgjeving er eit gratis tilbod til foreldre med barn i alderen 3-12 år. Gjennom samtale og øving lærer foreldre verktøy dei kan bruke i barneoppdraginga, for å auke trivsel og samarbeid. Foreldrerådgjevinga tek sikte på å hjelpe familien på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg, for å bidra til ei positiv utvikling hjå barnet. Ein treng ikkje oppleve store utfordringar for å ta kontakt!
Verktøy
Verktøy me brukar i foreldrerådgjeving:
- Gode beskjedar og samarbeid
- Ros og oppmuntring
- Grensesetjing
- Problemløysing
- Tilsyn/oversikt
Rammer
- Rådgjevinga har vanlegvis 3-6 møte, om lag ein time i veka
- Rådgjevinga vert tilpassa familien sine behov
- Gjennom samtaler og praktiske øvingar finn me gode måtar å få til eit betre samspel i kvardagen på
- Foreldre prøvar ut det me har øva på i møte heime
TIBIR rådgjeving i barnehage og skule
Rådgjeving for tilsette i barnehage og skule som arbeider med barn i alderen 3 til 12 år.
Tilsette lærer dei same verktøya som foreldre lærer i foreldrerådgjeving, men opplegget er tilpassa ein barnehage- eller skulekvardag. Målet med konsultasjon er å gje tilsette rettleiing i bruk av konkrete verktøy og strategiar som kan førebyggje og redusere åtferdsproblem i gruppa/klassa, og setje fokus på positiv utvikling og samarbeid.
Opplegget har om lag 6-8 møte, og me møtast annankvar veke.
Me arbeider fyrst med tiltak for heile gruppa/klassa.