Familiar som har eller ventar barn med alvorlig sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige, samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester har rett til barnekoordinator. 

Kommunen tar utgangspunkt i barnet eller ungdommen sitt tenestebehov, for så å vurdere kva for behov familien har for koordinering som fylgje av dette behovet.  Barnekoordinator skal sørge for samordning av tenestetilbodet, og skal aktivt arbeide for at familien og barnet får naudsynt oppfylgjing frå velferdstenestene. Barnekoordinator skal aktivt koordinere den einskilde sitt tenestetilbod, og sørge for at ulike tenester samarbeider tilfredsstillande om den einskilde sitt behov. Ei heilheitleg og samordna oppfylgjing forutset at barna blir involvert. Barn har rett til å bli høyrt og barnet sitt beste skal vera eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar frå det offentlege som gjeld barn.

Målgruppe

Familiar som ventar, eller har barn mellom 0 og 18 år, med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Kommunen kan velje å tilby barnekoordinator fram til fylte 25 år.

Tildelingskriterier

  • Familien blir tildelt barnekoordinator når denne omfattas av målgruppa nemnd over, og foreldra eller den som samtykker på vegne av barnet har samtykka til det.
  • Kommunen skal på eige initiativ vurdere rettigheta, og informere om denne, når den har kjennskap til behov som kan gje rett til barnekoordinator.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis

Anna

Det må i samråd med barnet, ungdommen og familien bli vurdert kva som er den beste koordinatorordninga dersom både retten til barnekoordinator og ordinær koordinator er oppfylt. Det er ikkje meininga at barnet/ungdommen/familien skal ha to koordinatorar. Kommunen har plikt til å tilby barnekoordinator dersom foreldra eller den som samtykker på vegne av barnet, ynskjer dette. Ungdommen sitt eige ynskje skal tilleggas stor vekt, men ungdom mellom 16 og 18 år kan ikkje samtykke sjølv. Eit ynskje om barnekoordinator kan fremjast både skriftleg og munnleg. Det er ikkje krav til einskildvedtak i desse sakene, men avgjersla om tildeling av barnekoordinator skal gjerast skriftleg saman med informasjon om retten til å klage.

Lovheimel:

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 c, kan du lese her 

Helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, kan du lese her

Nasjonal veileder; Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier, kan du lese her