Tilskotsordninga skal legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og at dei skal kunne delta i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanning. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å havne utanfor viktige sosiale arenaer. Enkelte aktivitetar kan ha ei meir begrensa målgruppe, detta kjem fram i forskrifta.
 
Offentlege instansar, private aktørar og friviljuge organisasjonar kan søkje om midlar. Søknadsfrist er 17. desember 2021.
Enkeltpersonføretak eller privatpersonar kan ikkje søke
 
Les meir om ordninga her
 
Vinje kommune har knutepunktfunksjonen og skal koordinere ulike tiltak og skal prioritere eksterne søknadar i kommunen.
Kontaktperson er assisterande rådmann Anders Sandvik anders.sandvik@vinje.kommune.no tlf. 954 07 593