Freda bygningar og anlegg

Dersom Riksantikvaren har freda ein bygning som du eig, kan du få tilskot til å dekkje nokre av kostnadene for vedlikehald. Les meir om Riksantikvaren her.

Kulturminnefondet

Gjennom Kulturminnefondet kan private eigarar få støtte til tiltak for å ta vare på verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og foreningar, anten dei eig kulturminne sjølv eller forvaltar det på vegne av andre, kan søke.

Sidan Kulturminnefondet ga sine første tilskott i 2003, har nær 5000 prosjekt fått støtte på til saman 780 millionar kroner. I 2019 delar vi ut over 100 millionar kroner til prosjekt over heile Noreg.

Kva får støtte?
Kulturminnefondet støttar tiltak på alle typer faste kulturminner, som hus og bygningar, fartøy, hageanlegg og kulturlandskap. I prioriteringa legg vi vekt på kommunen sine kulturminneplanar, med formål om at eit mangfold av landet sine kulturminner blir tekje vare på og tekje i bruk i framtida for fellesopplevingar, kunnskap og verdiskaping.
Her kan du lese meir prioriteringar og spørsmål.

Løpande søknadsfrist
Tidligare har det vore ein søknadsfrist i året, men frå i år er denne løpande. Det betyr at private eigarar  kan sende inn søknad gjennom heile året til Kulturminnefondet 
Her finn du Kulturminnefondet sin søknadsportal og rettleiing til søknaden.

Statlege spelemidlar til idrettsføremål

Idrettslag og andre friviljuge organisasjonar kan søkje om tilskott for å byggje eit idrettsanlegg eller for å rehabilitere eller innrede eit eksisterande idrettsanlegg. Eit anlegg kan vere alt frå ein klatrevegg til ein alpinbakke. På desse sidene kan du lese meir om ordninga. 

Viktige fristar å merke seg:

  • Innmelding av nye anlegg til idrotts- og friluftsplanen 1. oktober.
  • Innsending av søknadsskjema for spelemidlar til kommunen 1. november.

Tilskuddsportalen

Vinje kommune har tinga ”Tilskuddsportalen” til lag og organisasjonar i Vinje. Dette er eit verktøy som de kan nytte dykk av for å finne tilskotsordningar til verksemda dykkar. Den er delt inn i kategoriar så det er enkelt å finne fram. Har de spørsmål til dette så ta kontakt med Kultureininga.

Gå inn på Tilskuddsportalen for å registrere deg og få tilgang til det som ligg der.
Lenka er gyldig i 2 dagar, men du kan registrere deg på nytt så mange gonger du ynskjer.