Næringsavdelinga i Vinje kommune samarbeider med Telemarksforsking og Norsk institutt for naturforskning (NINA) i prosjektet «Tradisjon og destinasjon». Prosjektet har fått støtte frå verdiskapingsprogrammet «Villreinfjellet som verdiskaper» og ser på ulik tematikk knytta til hyttekommunar i villreinfjell. Prosjektet har fire arbeidspakker.

Arbeidspakke 1 - Felles kunnskap:

Prosjektet vil arrangere seminar og arbeidsmøte i samarbeid med andre aktørar, der me vil oppskalere kunnskap frå intervju i case-kommunane (Vinje, Lillehammer og Ringsaker), og saman med relevante aktørar diskutere løysingar på utfordringer og moglegheiter.

Arbeidspakke 2 - Besøksstrategi:

Prosjektet vil utarbeide eit kunnskapsgrunnlag for besøksstrategi i bygdenære område og randområde til verneområde. 

Arbeidspakke 3 - Informasjon, formidling, møteplasser:

Prosjektet vil undersøke føresetnadene for å byggje opp møteplassar mellom hytte- og lokalbefolkning, der informasjon om villrein, verneverdiar, landbruksinteresser og jakt/annan lokal naturbruk er i fokus.

Arbeidspakke 4 - Produktutvikling i bedriftsnettverk:

  • Undersøke interesse blant lokale aktørar for å opprette eit bedriftsnettverk
  • Samarbeid med næringsapparatet i Vinje og Vestfold og Telemark fylkeskommune si ordning med kompetansemekling, gjennom FORREGION-programmet
  • Oppmuntre verksemder til å utforske strategiar for berekraftig og langsiktig verdiskaping med utgangspunkt i eksisterande hytter
  • To innleiande nettverksmøter i regi av FORREGION sitt kompetansemeklingsprogram. Nettverksmøtene skal identifisere moglege felles mål og strategiar, samt kunnskaps- og innovasjonsbehov. Med bakgrunn i dette vil kompetansemeklar medverke til å finne aktuelle kompetansemiljø og andre samarbeidspartnarar.

Arbeidspakke 5 - Anbefalingar og gjennomføring i to nye kommunar