Hjå oss kan du velje mellom kilometervis av merka fotturløyper, ri, sykle, fiske i klare fjellvatn, delta på handverkskurs, ta eit høgfjellscruise på Møsvatn med Fjellvåken og vera med på mange spennande aktivitetar for store og små.
Vinje kommune er også kjent for sine mange forfattarar, kunstnarar og musikarar. Dersom du reiser ein tur "Vinje rundt", kan du kikke innom dei mange musea og bygdetuna som formidlar denne kulturarven som me er så stolte av.
I vintersesongen kan me by på fantastiske skiopplevingar for både liten og stor, anten det er i alpinbakken eller ute i dei mange mila med preparerte langrennsløyper. Me har mange morosame vinteraktivitetar å tilby, til dømes hundekøyring, snowrafting, fatbike og snoskuterkøyring i løypenettet.
Me har eit rikt tilbod av overnattingsstader og handels- og tenesteverksemder som gjer opphaldet ditt i Vinje til ei komplett oppleving!
Velkomen skal du vera!