Barnekreftforeninga er tildelt TV-aksjonen i jubileumsåret 2024.
Aksjonsdagen er 20. oktober.
Årets TV-aksjon skal hjelpe barn som er ramma av kreft og andre alvorlege sjukdommar. For pengane frå TV-aksjonen ynskjer Barnekreftforeninga å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo. Her skal foreldre og sysken lett kunne bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset, slik at dei kan leve eit tilnærma normalt kvardagsliv.
I familiehusa vil det også vera rom for besøk av besteforeldre, tanter og onklar, venner og andre menneske som er tett på og har betyding i familiens liv.
Me treng bøsseberarar!
Det er stor trong for bøsseberarar og me har mange ledige roder! Ta kontakt med frivilligkoordinator Ea Kristine Bakken for å høyre kva roder som er ledige, og for å melde deg som bøsseberar. Du kan også melde deg som bøsseberar på TV-aksjonen si nettside her
Ea Kristine Bakken
Telefon: 48 13 53 61
E-post: ea.kristine.bakken@vinje.kommune.no
I Vinje er arbeidet med TV-aksjonen allereie i gang. Her kjem informasjon om arrangement som er planlagt:
- "Open skule" på Åmot skule, onsdag 2. oktober, kl. 17-19.
Det blir sal av ting elevane har laga, lotteri, leikar/aktivitetar og kafé. Du kan kjøpe lodd via Vipps. Kvart lodd kostar kr. 5,-. Vipps til nr: 130483, vel underkategori LODDSAL. Du kan vipse heilt fram til tysdag 1. oktober kl. 22:00. Trekkinga er 2. oktober ca. kl. 18:45. Årets hovudpremie er gåvekort på Fristadsenteret, verdi kr. 4.000,-.
Alle føresette og andre interesserte er hjarteleg velkomne. - Basar på Edland skule i Storeguthallen, onsdag 2. oktober, kl. 18 – 21
Det blir åresal og loddbøkar som vanleg! - Rauland skule har aksjonsløp fredag 4. oktober
Elevane kan velge mellom å springe rundar på ca 800 meter, der dei har skaffa seg sponorar som betalar ein sum per runde. 5. - 10. klasse kan velge å heller sykle rundar på ca 800 meter med ulike stasjonar.