I 2022 tok Vinje kommune imot 55 flyktningar frå Ukraina.

Totalt tok kommunen imot 61 flyktningar i 2022, med ein familie frå Syria i tillegg til dei ukrainske.

 

Status pr april 2023:

Kommunen har så langt busett 22 personar frå Ukraina i 2023. Desse er busett rundt om i kommunen.

Mottaket av flyktningane blir ivaretatt av integreringstenesta i kommunen.
 

Frivillige og klede til flyktningar frå Ukraina

Ynskjer de å bidra som frivillig eller gje bort klede eller utstyr, kan de kontakte Frivilligsentralen i Vinje. Klede kan de levere på biblioteket i Åmot i deira opningstider. For spørsmål kan de kontakte Frivilligsentralen på tlf. 48 13 53 61.