Rauland skule treng fleire på laget. Me har eit trivelig arbeidsmiljø med god takhøgde og rom for utvikling av eigne idear. Skulen ligg midt i Rauland sentrum omkransa av fin natur og fjellområde. Me har flotte skiløyper og turmoglegheiter rundt oss til bruk i det daglege og utflukter av ulike slag. Rauland skule er ein 1-10 skule med per i dag 167 elevar, der størrelsen på klassene er frå 11 til 23 elevar. Velkommen som søkjar.
100% fast stilling som lærar frå snarast. ID 2023/6917
Me ser etter ein lærar med godkjent GLU. Alle fagkombinasjonar er av interesse, og særlig med hovudvekt er på spesped.
100% mellombels stilling som fagarbeider frå snarast til 31.07.2024. ID 2023/6920
Me ser etter ein fagarbeider med utdanning innan barn og ungdom, eller tilsvarande utdanning som eignar seg i grunnskulen. Det skal vera til støtte i timar og på SFO.
Me kan tilby
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
- Gode barnehagetilbod
Generell informasjon
- Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vinje kommune ynskjer å inkludere og leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing
- Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette
- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjue
Søknad sender du på elektronisk skjema. Link til skjema finn du her