Fylgjande vart vedteke i kommunestyret 16. desember 2021:
«Det blir utbetalt eit innbyggartilskot etter høge inntekter til kommunen som fylgje av høge straumprisar. Tilskotet på kr. 5.000,- blir utbetalt i januar som eit eingongstilskot pr. husstand. Vilkår for utbetaling er folkeregistert adresse i privatbustad i Vinje kommune. Utbetalinga blir organisert administrativt. Inndekning blir frå disposisjonsfondet.»

Kommunen har behov for ein del opplysningar for å kunne utbetale tilskotet, det blir derfor lagt opp til ein søknadsprosess.
Når det gjeld målarnummer så finn de det på sjølve målaren, faktura eller ved å logge inn på min side hos din nettleverandør. Søknadsskjema finn du på vinjenett.no. Link til sida finn du her 
Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt eller få hjelp av andre -  kan du ta kontakt med tenestetorget for hjelp, 6. januar og 10. januar mellom kl. 9-14. 

Søknadsfrist er 12. januar 2022. Det blir lagt opp til utbetaling mot slutten av januar 2022.

Spørsmål kan rettast til innbyggartilskot@vinje.kommune.no eller ring tenestetorget på 35 06 23 00.
 

Ofte stilte spørsmål og svar i samband med søknadsprosessen, finn du nedanfor: (trykk på + for svar)

Kvifor må eg søkje ?

Kommunen treng nokre opplysningar for å kunne utbetale tilskotet til rett person. Kommunen har til dømes ikkje opplysningar om kontonummer utbetalinga skal gå til. Vilkår for utbetaling er folkeregistret adresse i privatbustad i Vinje kommune.

Kan alle husstandsmedlemmane søkje ?

Nei, det blir gitt eit tilskot per bustad

Kan eg søke dersom straumrekninga er inkludert i husleiga

Dei som har straumreikning inkludert i husleiga, kan søke dersom dei er folkeregistrert på den adressa dei leiger ein bustad/leilighet. Målarnr må leigetakar få frå huseigar. Dokumentasjon/stadfesting frå huseigar på at det er huseigar som betaler straumen på den adressa kan sendast til postmottak@vinje.kommune.no.

Eg bur i fritidsbustad – får eg innbyggartilskot da ?

Nei, tilskotet gjeld bygg som er regulert til bustad. Det er ikkje høve til å nytte fritidsbustad som fast bustad utan å søkje om bruksendring. Bygg skal ikkje nyttast til ana bruk enn det er godkjent for.

Eg bur på gard og har fleire abonnement

Vedtaket gjeld også for våningshus og kårebustad som nyttast som bustad for fastbuande som er folkeregistrert i Vinje kommune.

Kva gjer eg når eg har sendt inn søknad, men med feil kontonummer eller målarnummer ?

Dersom du har lagt inn feil opplysningar må du søkje på nytt, så kanselerar me den eldste søknaden. Du må søkje i sama namn som førre søknad.

Kan eg søkje om eg ikkje er folkeregistrert på den adressa eg leiger ?

Det er berre høve til å søkje om tilskot på den adressa ein er registret på i folkeregisteret, sjølv om du er folkeregistrert i Vinje.

Folkeregisterlova § 6-1.Flyttemelding
«Den som endrer bosted innen en norsk kommune eller mellom norske kommuner, skal innen åtte dager etter flyttingen melde dette til skattekontoret»

Blir dette rekna som inntekt og skattepliktig ?

Nei, dette er eit reint tilskot og er dermed ikkje skattepliktig jf. Skattelova § 5-1.

Kva når ein har ein felles målar som går til fleire husstandar/bueiningar

Kan ein søkje for kvar bueining – der det er registrert busetting/folk ? Kven søkjer ? (målarnummereigar eller leigetakar)

Svar:
Kvar bustad kan søkje, men må dokumentere at det er dei/den som betaler straumrekninga.

Er det bare den som står som eigar av målaren som kan søkje ?

Søknad skal vera i namnet til den som betalar straumrekninga.

Får dei som betalar straum gjennom husleiga, tilskot?

Det blir betalt eit tilskot per bustad, slik at ein da må sende inn dokumentasjon på kven som betalar straumen.

Kva med ein som har fleire målarar, t.d. i utleige hus til personar som bur/registrert i Vinje?

Tilskot blir gitt til den som kan dokumentere at ein betalar straumen og er folkeregistrert i Vinje kommune.