Utmarksoppsyn

Reiseliv og landbruk er hovudsatsing for næringsverksemd i Vinje kommune. Båe næringane nyttar i periodar den same utmarka til same tid – til høvesvis friluftsliv og beitebruk. Vinje ynsker å sikre at næringane får høve til utøve sine aktivitetar i forståing med kvarandre sine interesser og behov.

Knut Olav Edland og Rune Århus er tilsett som utmarksoppsyn i Vinje kommune. Dei blir å treffe i skog og mark der turfolk og beitedyr ferdast  -  i frå 15 juni og fram til haustferien. 

Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Vinje. Dei driv tilsyn med beitedyr og passar på at aktiviteten i utmarka skjer etter relevante lovverk. Dersom du treffer desse hyggelege karane i marka er det berre å ta kontakt anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarte. Dei vil etter kvart få avgrensa politimynde.

Utmarksoppsynet i Vinje er eit samarbeid mellom Vinje kommune, faglaga for landbruket, beitelaga, Rauland Turist og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.  I fyrste omgang er det eit treårig prøveprosjekt for å samle røynsle for eventuell vidareføring seinare. Vinje kommune har arbeidsgjevaransvaret for utmarksoppsynet.

Bålbrenning

Det er forbode å brenne bål i nærleiken av skog og utmark mellom 15. april og 15. september jf. forskrift om brannforebygging.
Brenning utanom dette tidsrommet skal godkjennast av brannvesenet ved leiar beredskap eller brannvakta i Vinje.

Brenning av flis, bygningsmateriale og anna søppel er forbode jf. forureiningslova 

St. Hans bål:

  • Søknad til leiar beredskap eller brannvakta i Vinje
  • Det må ligge føre løyve frå grunneigar

All bålbrenning skjer på eige ansvar.

Utgifter brannvesenet måtte få på grunn av utrykking til bålbrann, kan bli kravd dekt av bålbrennar.

Rovvilt

Rovviltberedskap
Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for skadedokumentasjon og praktisk gjennomføring av bestandsregistreringer.

Regional rovviltkontakt i Telemark, Buskerud, Vestfold er : Espen Marker - mobil  975 70 975
Lokal rovviltkontakt i Vinje er: Sveinung H. Olsnes - mobil 902 13 655

Beredskapstelefon til finn du her https://www.fylkesmannen.no/vestfold-og-telemark/miljo-og-klima/rovvilt/beredskapstelefon/

Rovviltet blir forvalta i 8 regionar, der Vinje er med i region 2.

Meir om forvaltninga i region 2 finn du på rovviltnemnda si heimeside https://prosjekt.fylkesmannen.no/Rovviltnemnda-i-Aust-Agder-Telemark-Vestfold-og-Buskerud/Om-rovviltnemnda/

Kadaverfunn
Ved funn av kadaver er det viktig at du melder ifrå til beitelag/dyreeigar.  Merk kadaveret så godt som mogleg.

Viltforvaltning

I Forskrift om forvaltning av hjortevilt finn ein nærare omtale kva for krav som gjeld ved opning av jakt på hjortevilt, krav til vald og bestandsplanar.

I Vinje er forvaltninga av elg- og hjortebestanden planbasert, det vil sei at desse artane blir forvalta etter 3 årige bestandsplanar, godkjend av kommunen.

Forvaltninga skjer gjennom Vinje bestandsplanområde som består av 8 vald. I tillegg til dette 5 enkeltståande vald.

Vinje viltråd blei etablert i 2008.  Rådet er samansett av ein representant frå alle storvalda i kommunen samt leiar i Plan- og miljøutvalet. Administrasjonen er med som sekretær for rådet.

Alle kvotar, sett dyr data, felte dyr med meir blir lagt inn i det sentrale Hjorteviltregisteret: https://hjorteviltregisteret.no/

Fallvilt og ettersøk

Fallvilt er alt vilt som er skada, sjukt eller daut i naturen. Skada hjortevilt som må avlivast, og hjortevilt som vert felt som skadedyr, er kommunen sin eigedom.

Fallvilt av andre artar er det statlege viltfondet sin eigedom.

Arbeidet med fallvilt er ei kommunal oppgåve, og kommunen har eige fallviltgruppe som handterer dette.

Oppgåvene til gruppa er å utføre kommunen sine oppgåver knytt til:

  • Fallvilt
  • Skada vilt som må avlivast
  • Vilt som fellast som skadedyr
  • Kommunen sine oppgåver i høve ettersøk under ordinær jakt

Dyr som kan nyttast til mat skal godkjennast av Mattilsynet. Kjøtet vert seldt til inntekt for viltfondet.

 

Påkjørsel av vilt skal varslast til politiet på 02800

 

Ettersøksavtale
Ved all jakt på storvilt er det krav om tilgang på godkjend ettersøksekvipasje.  Dersom ein ikkje har dette sjølv eller i eige jaktlag må ein inngå ettersøksavtale med godkjend ekvipasje.

Skjema finn du her

Bandtvang

Det er generell bandtvang i Vinje, jf. Lov om hundehald (hundelova) frå 1. april – 20. august.
Vinje kommunestyre vedtok 3. oktober 2013 lokal forskrift om hundehald i kommunen, der bandtvangen er utvida.

Om bandtvang § 2 i denne forskrifta står det: Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn: a) I maskinpreparerte skiløyper heile vintersesongen b) I utmark der bufe beiter til 10. oktober c) På inngjerda mark der bufe beiter fram til 1. november. 
Unnatak er dei høve som er nemnde i hundelova § 9 Unnatak frå sikringsregelen.

Kart for beiteområde i Vinje

For meir informasjon sjå Kilden.nibo.no

 

Jegerprøve

Jegerprøveeksamen kan takast frå det året du fyller 14 år. Du må vere fylt 16 for å kunne drive sjølvstendig småviltjakt og fangst, og 18 år for å drive sjølvstendig storviltjakt. Frå 14 til 16 år kan ein vera med på opplæringsjakt utan å ha tatt jegerprøva, med ein erfaren jegar. Etter fyllte 16 år, må jegerprøva vere tatt. 

Jegerprøveeksamen består av eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Kursa arrangerast av lokale Jeger- og fiskeforeningar. Kommunen arrangerar eksamen i samarbeid med kursarrangør. For å kunne gå opp til eksamen må du ha gjennomført det obligatoriske kurset og framlegge bevis for betalt eksamensgebyr. Dersom du består prøva blir du registrert i jegerregisteret og får tilsendt jegeravgiftskort.

Dersom du ynskjer å delta på kurs i Vinje, tar du kontakt med Haukeli Jeger og fisk.
 

Fiske

I Vinje kommune finst det hundrevis av små og store vatn som til saman dekkjer eit areal på 250 km2.

Fiskeguiden

Du kan kjøpe fiskekort på Inatur.
Born under 16 år kan fiske gratis - hugs gyldig legitimasjon