Legevakta i Vinje kommune er den første i Noreg til å vere med på å teste ut ein ny og innovativ løysing som gjer det mogleg å sette opp ein videosamband frå mobilen til innringar ved ulykke/skadestad direkte til helsepersonell ved legevakta. Saman med Aspit ser Vinje kommune på korleis løysinga fungerer, korleis den kan integrerast med eksisterande rutiner og kva for gevinstar ho gir. Kommunen har òg moglegheit til å komma med innspel til vidareutvikling der dei ser moglegheiter for det.

Aspit Response er ei løysing som kan vere til stor hjelp for helsepersonell då dei kan sjølv sjå skadeomfang/ulykkesstad og basert på dette kunne gjere meir korrekte vurderingar i forhold til behov for nødhjelp/bistand.

Utprøvinga starta rett etter påske og fortsett ut juni 2020.

Meir informasjon om ASPIT Respons finst her: https://www.aspit.no/response/