Kommunestyret i Vinje vedtok i 2007 å auke dei kommunale investeringstilskota til landbruket. Dette for å bidra til mellom anna å modernisere driftsbygningar, og såleis snu ei negativ trend med færre bruk og minkande dyretal.
Statistikken under syner korleis dette har verka med aukande investeringar i landbruket i Vinje. Samstundes har Innovasjon Norge også bidrege med vel så gode finansieringsordningar. Produksjon av geit – og kumjølk har auka med omlag 30 %. – samstundes som det er fleire dyr på beite no. Tal søknader av produksjonstilskot på rundt 85 (65 med husdyr) har vore stabilt i nokre år no. Investeringane gjeld også grøfting, nydyrking, kjøp av mjølkekvoter og no nyleg digital overvaking av beitedyr. Dette hadde sjølvsagt ikkje vore mogleg utan dyktige, uredde og stadig yngre gardbrukarar som tør å satse.

statestikk.png