Vaksenopplæring omfattar å gje gratis undervisning i norsk og samfunnskunnskap til dei som i fylgje introduksjonslova har rett eller plikt til det. 
Elevar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, får tilbod om undervisning mot betaling, dersom det er kapasitet. 

Vinje vaksenopplæring tilbyr og undervisning og støtte innan grunnskule, realkompetansevurdering og intensivkurs på kveldstid.

Me har også Statsborgarskapsprøva, Samfunnskunnskapsprøva og Norskprøva A1, A2, B1 og B2. 

Undervisningslokalet er på Åmot skule