Comirnaty (Pfizer BioNTech-vaksina) er frå 28.mai av EMA godkjent til bruk frå 12 år.
Det er vist svært god effekt hos barn i studiar. Det er ikkje beslutta om eller når alle barn frå 12 år skal inkluderast i vaksinasjonsprogrammet, men det er fortsatt ei anbefaling om vaksinering av barn-ungdom mellom 12-15 år med alvorleg underliggande sjukdom. 

Tilbod om vaksine til barn/ungdom i alderen 12-15 år med alvorlig underliggande sjukdom

FHI anbefalar no at barn og ungdom med svært alvorleg underliggande sjukdom får tilbod om vaksine, og at det for aldersgruppa 12-15 år omfattar dei same sjukdommar/medisinske tilstandar som dei som fekk tilbod i 16-17-årsalderen.
All vaksinasjon er frivillig, og tilbodet gjeld frå fylte 12 år. Det er bare Comirnaty som per no er godkjent for barn og unge frå 12 års alder. Indikasjonane er alvorlege og komplekse nevrologiske sjukdommar eller medfødte syndrom og sjukdommar på lista under. Andre tilstandar med særleg høg risiko kan vurderast individuelt etter særskild anbefaling av barnelege.

  • Organtransplantasjon 
  • Immunsvikt (gjeld alvorleg/medfødt immunsvikt, ikkje immunsuppresjon per se)
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år 
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. SMA, Duchenne og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsatt nyrefunksjon

Foreldre til barn med nevnt underliggande alvorleg sjukdom bes ta kontakt med sin fastlege i Vinje for vurdering av vaksinering.