Vaksinering

Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld

  • barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
  • årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
  • vaksinasjon mot pandemisk influensa
  • andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)

Alle personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen har rett til å nytte seg av dette tilbodet.

Det er Nasjonalt folkehelseinstitutt som fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal få tilbod om sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Barnevaksinasjon er gratis. Elles betaler du ein eigendel.

Meir om vaksinering på Helsenorge.

Reisevaksiner

Mange alvorlege sjukdomar kan førebyggjast ved vaksinasjon. Før reise kan det vera aktuelt med vaksinasjon mot sjukdomar ein ikkje tidlegare er vaksinert mot, eller oppfriskingsdose av vaksinar ein har fått tidlegare. Påfyll av nokon barnevaksinar er tilrådd kvart 10. år.

Behov for vaksinasjon må vurderast etter kva type reise ein planlegg, kor lenge reisa varer, helsetilstand, alder og tidlegare vaksinasjonsstatus.

Ver tidleg ute når viss du treng reisevaksine. Nokon vaksinar krev fleire dosar og for å vera fullvaksinera må ein starte inntil 6 månader før avreise, dette gjeld til dømes hepatitt B vaksine.

Den som ynskjer vaksiner må skaffe seg oversikt over tidlegare vaksinasjonar og ta det med til helsestasjonen. 

Treng du malariamedisin, må du kontakte fastlegen din for å få resept.

Du finn utfyllande informasjon hjå Folkehelseinstituttet om vaksinar til dei ulike reisemåla.

Lovar og retningsliner

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå Helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og § 3-1
Smittevernlova kapittel 3