Døme på dette er stasjonær tryggleiksalarm, lokaliseringsteknologi (mobil tryggleiksalarm og GPS), elektronisk medisindispensar, digitalt tilsyn og teknologiske løysingar knytt til sjukesignalanlegg.   

Bruk av slik teknologi kan gje betre tenester for personar i alle aldersgrupper med nedsett funksjonsevne, eldre som bur heime, pasientar i sjukeheim og brukarar innan rus og psykisk helse.

Velferdsteknologi er ikkje ei lovpålagd teneste. Bruk av velferdsteknologi er gratis for deg dersom teknologien erstattar ei teneste som du elles ville ha fått frå Vinje kommune.

Prosjektsamarbeid i Vest-Telemark

Vinje kommmune deltek i prosjektsamarbeid med dei andre kommunane i Vest-Telemark for å prøve ut og ta i bruk teknologi som vert tilrådd av Nasjonalt velferdsprogram. Målet er at velferdsteknologi vert ein integrert del av helse- og omsorgstenestene våre. Kommunane i Vest-Telemark er også med i regionale kompetansenettverk som har som oppgåve å sette oss betre i stand til å utnytte moglegheiter og møte utfordringar knytt til bruk av velferdsteknologi.

Stasjonær digital tryggleiksalarm

Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du ha nytte av ein stasjonær tryggleiksalarm som kan installerast i heimen din. Alarmen må aktiverast manuelt ved at du trykkar på ein knapp. Tryggleiksalarmen er kobla til Alarmsentralen Telemark. Dei formidlar kontakt til den lokale instansen som alarmen er knytt til og du vil få hjelp. 

Mobil tryggleiksalarm

For den som er glad i å vere ute på tur, men er redd for å ikkje finne vegen heim att, kan ein mobil tryggleiksalarm vere ei god løysing. Den fungerer kor som helst og kan nyttast som lokaliseringsalarm, slik at pårørande eller andre kan finne personen att. Alarmen kan aktiverast manuelt ved at å trykke på ein knapp. Den kan også innstillast slik at alarmen vert utløyst når ein går utanfor grensa av eit definert område, eit såkalla «geofence». Då vert Alarmsentralen Telemark varsla. Varselet kan også vidaresendast til pårørande. Ein mobil tryggleiksalarm må ladast ofte. 

Dette kan vere ei god løysing for nokon, men det åpnar for nokon grunnleggande spørsmål kring personvern og evne til å samtykke. Praktisk gjennomføring knytt til geografi og responstid kan by på utfordringar.

Elektronisk medisindispensar

Har du vanskar med å hugse når du skal ta medisinen din eller brukar du medikament som det er særleg viktig å ta på bestemte tidspunkt? Då kan ein elektronisk medisindispensar vere til hjelp. Med eit lysblink eller eit lydsignal minner medisindispensaren deg på å ta medisinen til rett tid. Heimetenesta vil hjelpe deg med å stille den inn.  Dersom du ikkje har teke medisinen din i løpet av den fastsette tida, sender dispensaren ei melding til heimetenesta (eller til pårørande om du heller vil det). Då vil dei kontakte deg for å minne deg på å ta medisinen. Det må vere god mobildekning der du bur eller dit du tek medisindispensaren med.