Vinje kommune inviterer verksemder frå heile kommunen til næringstreff i Vågslid 5. juni 2024. Denne gongen kombinerer me næringstreffet med eit tilflyttartreff for folk som er nye i kommunen. 

På programmet står blant anna Knut Vareide frå Telemarksforskning. Basert på den nye boka Hvordan skape vekst vil Knut snakke om kva som har vore drivkreftene i utviklinga i kommunar og regionar i Noreg sidan 2000. Han vil også sjå spesielt på utviklinga i Vinje. Etter føredraget blir det to parallelle bolkar, ein for verksemder og ein for tilflyttarar. Me avrundar treffet saman med ein minikonsert med Jon Solberg frå Ni Liv.

Meld deg på via skjemaet nedanfor innan 31. mai 2024.

Tid: 5. juni 2024, frå 18.00 til 21.00
Stad: Vågslidtun hotell

Program:

18.00-18.45 - Middagsbuffé
18.45-19.30 - Føredrag med Knut Vareide frå Telemarksforskning
19.30-20.30 - Pause med kaffi og kake. Parallelle bolkar for verksemder og tilflyttarar med informasjon frå kommunen og lag/organisasjonar
20.30-21.00 - Minikonsert med Jon Solberg

Påmelding

Ved å melde deg på, samtykker du til at me nyttar personopplysningane du oppgir til organisering av arrangementet. Me vil slette opplysningane når arrangementet er gjennomført.