No er det flotte haustfargar i skogen og på fjellet og snart blir det kvite fjelltoppar.

Me reknar med at mange tilbringar fine haustdagar i Vinje og difor oppmodar me alle til å hugse dei viktige smittevernreglane:

  • Ikkje gå ut blandt andre dersom du er sjuk.
  • Hald avstand (1meter) frå andre.
  • God hand- og hostehygene.

Minner om hjort- og elgjakta, vis omsyn og kle deg gjerne med godt synlege fargar.

Nyt gode dagar i Vinje og god haust til alle!