Etter uvèret sist fredag har kommunen problem med å motta digitale søknadsskjema som ligg på heimesida. Vest-Telemark driftssenter jobbar med å løyse problemet. 
Skjema som allereie er sendt inn til kommunen vil koma fram til oss så snart tenesta er på plass igjen. Problemet gjeld skjema som er merkt med KF og eit siffer. Tildømes: Leige av rom – enkeltanledning (KF-562-3825)
Når det gjeld søknad på stilling, vil me vente med å starte tilsettingsprossessen til me er sikre på at alle søknadane har kome inn til kommunen.

Det vil koma ny melding når me har oppdatert informasjon. Ta kontakt på postmottak@vinje.kommune.no om du har spørsmål.