Hjortevilt

I Forskrift om forvaltning av hjortevilt finn ein nærare omtale av kva for krav som gjeld ved opning av jakt på hjortevilt, krav til vald og bestandsplanar.

I Vinje er forvaltninga av elg- og hjortebestanden planbasert, det vil sei at desse artane blir forvalta etter 3 årige bestandsplanar, godkjend av kommunen.

Forvaltninga skjer gjennom Vinje bestandsplanområde som består av 8 vald. I tillegg til dette 5 enkeltståande vald.

Vinje viltråd blei etablert i 2008.  Rådet er samansett av ein representant frå alle storvalda i kommunen samt leiar i Plan- og miljøutvalet. Administrasjonen er med som sekretær for rådet.

Alle kvotar, sett dyr data, felte dyr med meir blir lagt inn i det sentrale Hjorteviltregisteret: https://hjorteviltregisteret.no/

Rovvilt

Rovviltberedskap
Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for skadedokumentasjon og praktisk gjennomføring av bestandsregistreringer.

Regional rovviltkontakt i Telemark, Buskerud, Vestfold er : Espen Marker - mobil  975 70 975
Lokal rovviltkontakt i Vinje er: Øyvind Fosse - mobil 481 48 405

Beredskapstelefon til finn du her 

Rovviltet blir forvalta i 8 regionar, der Vinje er med i region 2.

Meir om forvaltninga i region 2 finn du her

Kadaverfunn
Ved funn av kadaver er det viktig at du melder ifrå til beitelag/dyreeigar.  Merk kadaveret så godt som mogleg.

Fallvilt og ettersøk

Fallvilt er alt vilt som er skada, sjukt eller daut i naturen. Skada hjortevilt som må avlivast, og hjortevilt som vert felt som skadedyr, er kommunen sin eigedom.

Fallvilt av andre artar er det statlege viltfondet sin eigedom.

Arbeidet med fallvilt er ei kommunal oppgåve, og kommunen har eige fallviltgruppe som handterer dette.

Oppgåvene til gruppa er å utføre kommunen sine oppgåver knytt til:

  • Fallvilt
  • Skada vilt som må avlivast
  • Vilt som fellast som skadedyr
  • Kommunen sine oppgåver i høve ettersøk under ordinær jakt

Dyr som kan nyttast til mat skal godkjennast av Mattilsynet. Kjøtet vert seldt til inntekt for viltfondet.

 

Påkjørsel av vilt skal varslast til politiet på 02800

 

Ettersøksavtale
Ved all jakt på storvilt er det krav om tilgang på godkjend ettersøksekvipasje.  Dersom ein ikkje har dette sjølv eller i eige jaktlag må ein inngå ettersøksavtale med godkjend ekvipasje.

Skjema finn du her

Villrein

Rapportar frå NINA (Norsk institutt for naturforskning):

  • Rapport om ferdsel i Hardangervidda villreinområde. Antall brukarar og fordeling på areal over tid, kan du lese her
  • Rapport om Villrein-ferdselanalyse på Hardangervidda - anbefalingar og tiltak, kan du lese her