Større openheit og meir innsyn i kommunen sine aktivitetar er ein styrke for lokaldemokratiet. Dette er viktig for kommunen, og resultatet av årets Openheitsbarometeret tilseier at me er gode på dette.
I år er Vinje 8. beste i Vestfold og Telemark fylke og 61. beste i heile Noreg! I tillegg fekk kommunen topp poengskår på svar på innsynskrav, der kravet er å svare innan 1 døgn. Vinje er også klart best i Vest-Telemark.

Openheitsbarometeret blir gjennomført årleg, i regi av Kommunal Rapport og Pressens Offentlegheitsutval. I 2021 ende Vinje på en 10. plass i fylket og 140. plass i landet.

Undersøkinga viser at me har lagt godt til rette for innsyn i det kommunen driv med. Dette har vore og vil fortsette å vera eit viktig fokusområde for Vinje.

Det som blir målt i undersøkinga er fylgjande:

  • Responstid på krav om innsyn i revisor si årsberetning for 2021.
  • Søkefunksjon på kommunen si postliste.
  • Om kommunen legg ut klikkbare fulltekstdokument på postlista.
  • Har nettsida kontaktinformasjon til politikarane?
  • Har kommunen byggesaksarkivet på nett?
  • Gir kommunen informasjon om innsynsretten etter offentlegheitslova?
  • Blir organinterne dokument, journalført i kommunen si postliste?
  • Kor raskt blir politiske saksdokument og vedtak publisert?
  • Blir SMS journalført?
  • Har kommunen ei førehandsbestemt, maksimal levetid for postlistene på nett?
  • Kor langt tilbake går postlistene på nettsida?
  • Er postlister for kommunale føretak (KF) publisert på nett?

Vinje kommune har ikkje alt dette på plass, men me ynskjer å bli enda betre i 2023 og jobbar stadig med tiltak som støtter oppom dette målet.

Rådmannen rosar leiarar og medarbeidarar for det gode resultatet.
Sakshandsamarar, VTDS(Vest Telemark Driftssenter) og arkivet vårt fortener stor honnør for den innsatsen som er lagt ned, og som gjev så gode resultat.

Meir om åpenhetsbarometeret 2022 kan du lese her