Kommunestyret vedtok 15. september å hjelpe lokale verksemder med straumutgifter i andre og tredje kvartal 2022. Søknadsportalen er no open.

Dei ekstraordinært høge straumprisane er ei stor utfordring for det lokale næringslivet. Staten jobbar med ei nasjonal ordning, men inntil denne kjem på plass har kommunen vedtatt å stø det lokale næringslivet. Vedtaket, som blei gjort i kommunestyret 15. september, gjeld for andre og tredje kvartal 2022, og har ei ramme på 13,5 millionar kroner.

Verksemder må søke om stønad, og det vil bli gjort ei behovsvurdering av kvar søknad. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på Vinjenett. Søknadsfrist for april, mai og juni (andre kvartal 2022) er 26. september.

Kommunalt fond for energieffektivisering

Kommunen har også vedtatt å opprette eit fond for energieffektivisering (ENØK). Private verksemder vil kunne søke om støtte frå dette fondet. Kommunen legg opp til ein søknadsrunde i løpet av hausten 2022. Meir informasjon kjem seinare.