Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vinje Oppvekst

Vinje Oppvekst er det overordna samleomgrepet for dei tre barnehagane, fire skulane og det kombinerte oppvekstsenteret med barnehage og skule. Vårt hovudmål er best moglege oppvekstkår for alle barn og unge i Vinje, frå 1 til 16 år. Me har om lag 180 barn i barnehagealder og 440 grunnskuleelevar. I Vinje oppvekst arbeider om lag 190 tilsette med ulik yrkesbakgrunn.  

Vinje Oppvekst si hovudmålsetjing er livsmeistring og trivsel for alle. For å få til dette samarbeider me på leiarnivå, blant tilsette, i samarbeid med heimane og på tvers av barnehagane og skulane. Me søkjer også samarbeid med ulike faggrupper og instansar for best mogleg å treffe det enkelte individets behov og leggje til rette for god utvikling. 

Me er opptekne av at vår opplæring skal vera prega av fokus på mangfald, tillit, rausheit og respekt. Vinje oppvekst er særleg opptekne av trygt og godt læringsmiljø og gode overgangar.

Bilde frå Telemarkstunet