Sjukeheimen har som mål å gje gode helse – og omsorgstenester til dei som på grunn av sjukdom eller funksjonssvikt treng eit midlertidig opphald eller ikkje lenger kan bu i eigen heim. Me tilbyr også opptrening og medisinsk behandling.

I Vinje kommune er det eit politisk vedteke mål og legge til rette for at alle skal kunne bu i eigen heim så lenge som råd. Det kan likevel vera situasjonar der ein treng andre tilbod i lengre eller kortare periodar.

Sjukeheimen er bemanna med autoriserte sjukepleiar og helsefagarbeider heile døgnet. Sjukeheimen har elles tett oppfylgjing av tilsynslækjar og eit godt tilbod med ergo- og fysioterapi.

Vinje Sjukeheim har 34 plassar fordelt på fleire avdelingar.

Du må søkje kommunen om plass på sjukeheim. Før saka kan avgjerast, vil ønska og behova dine verte kartlagd. Viss du oppfyller kriteria for langtidsopphald, har du rett til å få eit skriftleg vedtak om dette, sjølv om det ikkje er ledige plassar. Er du ikkje nøgd med vedtaket, har du høve til å klage.

Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. 

Kommunen kan krevje økonomisk vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift.